"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

onsdag 26. oktober 2011

A day in New York City #Part2

Tredje dagen var vi på dansekurs! Da var det Flamenco som sto på planen!


Det var ganske gøy, det var ei litt eldre dame som skulle lære oss. Midt ut i timen kom han som eigde studioet (lure på om det også var mannen hennar..?) , og skulle spele gitar til mens vi dansa. Dei var ueinige i takta, og begynte å småkrangle litt foran oss alle.. hehe, rart. Men det var en veldig gøy time synest eg! På med karaktersko og Flamenco-skjørt!

                   
   







 Madeleine og Elisabeth i klassa :)
























Vi brukte ganske masse tid på ein dansebutikk, ved navn Capezio. Der kjøpte vi karakterskoa, og fornya dansegarderoba! Ballettdrakt og strømpe, varmeshorts og dansesko, alt vi kjem til å trenge det året her..









Eg og Madeleine etter dansetimen på vei nedover Time Square.

Vi var jo sjølvsagt på musikal! Då delte vi oss opp litt, og såg litt forskjellig. Nokon såg Phantom of the opera, og eg bl.a såg Chicago.


Vi gleda oss over kvar anledning til å pynte oss opp litt ;)


Madeleine, Ane, Annbjørg, Henning, Elisabeth og eg gjekk på Chicago! Det var veldig bra! Ettersom eg seinare på turen gjekk å såg Billy Elliot, så gjekk den over all forventning. Og eg likte den absolutt best. Då blei Chicago egentleg ikkje så voldsomt fantastisk etter å ha sett den andre. For det var absolutt ein opplevelse! Eg lo og eg grein, å satt å gapte av beundring over den 13 år gamle guten som dansa heilt fantastisk! Den må sjåast :) (Visst du e glad i ballett vel og merke)

Etter Chicago musikalen var ferdig denne kvelden, bestemte vi oss for å sette oss på Time Square å berre være. Vi kjøpte oss mat, og satt oss i den berømte trappa midt på Time Square, og der satt vi utover kvelden og berre såg på alt som skjedde, alt livet, og alle rare folka. Dette var ein kveld eg satt veldig pris på.



Kan du sjå oss?


Veldig fornøgd med Starbucks kaffen min!
Herleg kveld!

Ein dag var vi og besøkte Alvin Ailey School, ein stor danseskule! Vi fekk også vite at det var her sånne som Beyoncè og Lady Gaga var og trente å dansa. Og Beyoncè er like lita som meg! HAH :)
Vi var inne på ein time, og såg på flinke studentar som trente Horton Teknikk. Det var veldig kult, og folk her er så flinke!

Vi spiste ute etter timen;

Annbjørg,Elisabeth,Solveig,Marianne,Madeleine,eg og Maria.
Monge nye skopar under bordet der ja!
Og shopping blei det meir av!


Denne digge dagen avslutta vi med å besøke Rockefeller Center! Det er eigentleg ein liten by midt i den store byen. Der ligg heile 19 store bygningar no. Der er både Nbc Studios, Today show studio, Radio City Music Hall, Top Of The Rock ++
Vi var oppe i det høge "Top of the rock" og hadde nydeleg utsikt utover byen.



*mobilbilde*


Perfekt avslutning på dagen!

Håpar at eg ikkje kjedar dokke! :)
Nytt innlegg kjem når eg får fleire bilde klare på Pc-en!

Ha ei nydeleg natt folkens!






post signature

mandag 24. oktober 2011

A day in New York City #Part 1

10 daga i New York = ganske monge bilde. Dermed dela eg opp og tek nokre dagar om gongen. Så det vert nokre innlegg om New York, men det gjer vel ingenting? ;) Eg kosar meg ihverfall når eg sit her og mimrar tilbake til ein digg tur. For det er nemleg ordet på heile turen; Digg!

Det var eit fantastisk syn som møtte oss når vi gjekk inn for landing på La Guardia flyplass,New York. Det var som å være med i ein film, bortsett frå at vi var heilt i ekstase! Titalls filmar har eg sett som har hatt denne scena, over alle skyskraparane og over den søvnlause byen.Vi var faktisk i New York city! Det var eit flott syn! Den kjekke piloten tok ei ekstra runde rundt desse høge flotte bygningane denne kvelden, til vår store glede. Det var rundt midnatt når vi landa, så ekstra masse lys å sjå. Vi knipsa i vei. (skal få tak i eit bilde av dette og få lagt inn)

Vi hadde ein utruleg kul start på dag 1 i byen! Vi budde på Broadway Hotel, og vi skulle møtast i lobbyen for å gå til vår fyrste forestilling. Ute høyrer vi eit heidundrandes bråk og folk som jublar og hoia. Det såg ut som det var alle byens skatera og longboard-folks som okkuperte gata. Det var hundrevis av dei, å det var eit utruleg kult syn. Små og store, hannkjønn og hokjønn,alle slags folk, kjørte forbi, midt i veien, så all trafikk stod stille. Det holdt på ganske lenge! Nedover gata for dei i full fart, mens dei jubla og laga show. Nokon med musikk på seg, andre med kamera.



Turen gjekk til Joyce Theater, der vi såg ei danseforestilling, som eg synest var kjempebra! Eg sat og gapte og beundra desse kroppane som flaug over scena, for det var fantastisk.







Danselæraren vår, Irina! :)


















Elisabeth, i klassa, ser ganske fornøgd ut :)












SÅ var det fyrste møte med Time Square!
Kall meg barnsleg, men ja eg var veldig i ekstase når vi kom fram. Det har jo alltid våre berre ein draum å reise til NY, og no var eg her!
Det krydde av folk!Overalt!


Fornøgde klassekameratar! Henning, Solveig, Elisabeth, Marianne og Annbjørg.


                                 "These streets will make you feel brand new, the lights will inspire you!"


Det høyres klisjè ut, og du har høyrt det fleire gongar før, men energien kunne ein kjenne når ein gjekk igjennom gatene. Det var herleg. Masse rare folk, spesielle folk, flotte folk, brudepar (minst 5 stk i løpet av turen), selgarar, turistar, kunstnarar, naken cowboymann som spelte, naken gamal cowboydame,einaste ho hadde på var ein slags bokser og stjerner som skjulte brysta, vakre folk, dansarar, rappara, der var alt. Der var også ein spesiell plass, ved eit lyskryss, der det plutselig sto nokre muskelbuntar og trente. Midt på time square! Trente i bar overkropp. Her er ingenting merkeleg visst nok. Alt er lov.
Fyrste dagen avslutta vi med å ete middag på Fridays, der det egentleg blei ganske så dyrt å ete. Fyrste og siste gong denne turen. Godt var jo det.


Søndagen var vi i 2 forskjellige gudstjenester. Det måtte jo opplevast når vi var der. Ganske så forskjellig ifrå Norge ihvertfall! Der var det stemning og liv og røre, kan man godt sei. Vi var fyrst i Brooklyn Tabernacle Church, der vi også høyrte Brooklyn Tabernacle Choir, nåke som var ganske så festleg! Deretter shoppa vi litt i Brooklyn, deriblandt Converse sko til 280 kr. Det likte vi! :)
Vi var også i Time Square Church på kvelden. Har ingen bilde frå dette, då det ikkje var lov og ta bilde eller filme. Einaste som var minus med desse kirke-besøka var at det var innmari kaldt inne. Og sidan det var sydenvarme dei fyrste dagane i byen, så hadde vi ikkje på oss altfor masse kle. Brrrr...







Solveig spør etter vegen til Time Square Church!

Fin hest! :) "Dumme turistar" ,tenker han.












På vei til kirka, var det eit fly med budskap på himmelen over oss.

"Last Chance", sto der.

Eg har så vidt landa ifrå denne opplevelsen, og gled meg allereie til å dele meir med dåkk:)
No begynne det å bli så seint, så eg tek kvelden, så blir det nytt innlegg imårga!





post signature

onsdag 19. oktober 2011

Back to norway

Heime i Norge etter 10 herlege dagar i fantastiske New York! Det er verkeleg byen som ikkje søv, og energien i den byen kunne eg kjenne på når vi gjekk gjennom Time Square. Anbefalar alle og ta turen dit. Eg vil definitivt tilbake, gjerne attmed min kjære mann :)
Speaking of min kjære mann.. Eg fekk ein god velkomst når eg kom heim. Nyvaska hus, og ei rydda leiligheit, nyvaska oppredd seng og innkjøpt mat! Fantastisk!
OG ikkje minst, hjerteballong var kjøpt inn og plassert fint rundt omkring! :) hih, godt å være savna!!


                                                                             Eg har ein herleg mann!


Ein liten smakebit på ting eg kjøpte; sko! Har litt skodilla, og har meir enn nok sko egentlig! Men, masse billige fine sko, det sei en vel aldri nei takk til. Converse sko til 150- 280 kr?! Klart eg måtte kjøpe dei då, når dei gjerne er 700 kr her heime :)
Kjøpte ikkje mindre enn 3 par sko til Rolfen også ;)



Rolfen hadde som sagt kjøpt inn mat, og blant dette var også et par Starbucks-kaffe kjøpt inn! Han hadde sett på nettbanken at eg hadde vært der en del, og tenkte at eg måtte ha avvenningsperiode! Heilt rett :D


Min starbucks-favoritt; Iced White Chocolate Mocca! Namm!

Well, eg har ein jobb med å plukke ut dei beste NY-bilda no, skal jo såklart ha eit eige innlegg om berre turen.
Har forresten Jetlag om dagen, sov til 3 idag, og kunne gjerne sove monge fleire timar! Vi reiste frå hotellet kl 12 på formiddagen (6 om kvelden norsk tid), hadde eit par tima med bussguide, og flyet vårt gikk 7 på kvelden i USA tid.( 1 på natta heime) Kom heim kl halv 5 Tirsdag ettermiddag norsk tid (då var kl altså halv 11 på formiddagen i NY). Så gjekk på ein måte glipp av ei natt, sov kanskje ein time tilsaman på flyet og flyplassen.

Jaja, godt er jo det å være heime! :)




post signature

torsdag 6. oktober 2011

The Big Apple - Here we come!

DÅ er eg nærmare New York enn det eg har vore nokon gong! (Ok, ikkje heilt sant da men)
Har vært en tur ut idag, og fiksa siste rest. Veldig fornøgd med mine søte små reiseflaske:


Genialt! Slepp eg alle store shampoo flaskene ++

Ellers har vi hatt ein deilig dag. Brukt tid attme Rolfen og kosa oss. Han diska opp med biff og fløtegratinerte potete, noko som smakte heilt himmelsk!



No skal vi berre kose oss resten av kvelden, kanskje sjå en film? Imårga kl 12.15 reise vi til flyplassen.
Det blir neppe blogging mens eg er der borte. Då skal eg berre nyte det, ta masse bilde, og oppleve masse :) Blogginnlegg kjem når eg er komt heim! 

Nokre bilde av meg og min kjære på slutten.






Pent par.

Ha ei herleg veke!! Det skal eg :)



post signature

onsdag 5. oktober 2011

Pakkepakke

No er pakkinga begynt!


Aldri før har eg klart å være så tidleg ute med å pakke! Vi reiser Fredag, kl 13.00. Som regel brukar eg å pakke kvelden/natta før! Må innrømme at det er digg å sleppe at stressfaktoren kjem kl 23.59 kvelden før :p


Har eit vanskelig val framfor meg.......



Eg har dette speilreflekskamera... Det eg driv å undrar på, er om eg skal ta med meg dette stoore kameraet. Eller om eg skal kjøpe meg eit mindre kamera så eg kan ha i veska. Type Sony vaneleg kamera, altså, ikkje speilrefleks. Stort problem! Kjem eg til å angre om eg ikkje tek dette med?? Eg må jo i tilfelle ha med baggen til det også, det tek jo ganske stor plass.. Og er tungt.. hm...

Kva skal eg gjer?? Nokon som har forslag..?


post signature

tirsdag 4. oktober 2011

Lev livet!


                        Dance, as though no one is watching.
                                    Love, as though you never been hurt before.
                         Sing, as though no one can hear you.
                  Work, as though you don`t need the money.
                          Live, as though heaven is on earth.





post signature

mandag 3. oktober 2011

Mine fine tåspissko!

Igår begynte eg å tenke litt pakking til New York, begynte å vaske kle og sortere. Enda med at eg flytta om på heile kleskapet! Typisk meg, og begynne med eit eller anna prosjekt. Fant også ut, som eg alltid gjer, at eg har altfor mykje kle! Rydda i treningsklea mine, og der fant eg tåspisskoa mine! Fine skoa, som eg aldri har laga ferdig. Altså,sydd på strikk. Så det har eg holdt på med idag og litt igår. Det er faktisk VELDIG sjeldent eg syr. Rolfen syr på knappane sine sjølv for å sei det sånn ;)

Det som er litt trist, er at eg ikkje har leggar som klarar å gå på tåspiss!  Er nok derfor dei aldri blei laga til. Beinhinnebetennelse i begge leggane er ikkje godt og ha då! Har prøvd å stå nokre gongar, men det gjer rett og slett altfor vondt i beina.


Det bilde tok eg igår, så eg er komen litt lenger!
Legg nok ut bilde ved ei seinare anledning når dei er ferdige :)

Ellers he vi OPPTUR på skulen i desse dagar. Då er vi sosiale frå morgon til kveld, og har undervisning i eit tema. Frå Mandag til Onsdag. Felles middag og heile pakka, det er jo ganske koselig!

4 dagar til NY!!



post signature

lørdag 1. oktober 2011

Frieriet

30.09.07  var ein heilt vanleg dag. Eg budde for tida i Bergen, men var heime på haustferie denne vekå. Hadde prøvd å få Rolfen til å komme ein tur same veka, så vi fekk være litt saman. Men til inga nytte. Han måtte jobbe, og fekk seg ikkje fri!
Dette var ein søndag, og familia var på møte i menigheita som vi går i. Eg og Benedicte skulle danse på dette møte. Og eg tenkte at det var derfor pappa hadde med seg kamera. Han brukte jo alltid å filme når det skjedde ting. Alle syskena mine (5stk) var også der, med alle born også. Huska eg tenkte at det var jo veldig koselig at alle tok turen. Men tenkte ikkje nåke meir utover det. Det var fullsatt sal, og det var godt ut i møte, og vi skulle danse. Vi dansa ferdig lovsongsdansen, og takka fint for applaus og skulle gå å sette oss. Det var då alt det merkelige begynte.

 Broren min, som er 3 år eldre enn meg gjekk fram og tok ordet, og det var jo veldig uvanleg. Han er ikkje den som elskar og snakke i mikrofon,tenkte eg. Benedicte fekk gå å setje seg, men eg måtte stå att, og snu ryggen til publikum. Dette var då eg begynte å verte veldig flau og forsto ingenting av det som skjedde. Eg hadde ingen anelse om kva det kunne være. Ikkje huskar eg kva bror sa heller. Eg ante ingenting før det var nokon som tok meg på skuldra og fekk meg til å snu. Og der sto Rolfen! Eg blei ganske satt ut, og samtidig veldig glad for eit overraskelsesbesøk :) Han tok mikrofonen og begynte å snakke... Det var då det begynte å gå opp for meg. "Eit liv utan deg Miriam er som eit hus utan tak, cola utan kullsyre, ei bok utan side, osv..." Han gjekk fint ned på kne foran heile kirka, og spurte om eg ville gifte meg med han! Salen jubla og klart sa eg JA ♥


Bilde er tatt rett etter møte. Møtet vart avslutta og bak i døra ser eg at mi kjære svigerfamilie står! Dei alle saman hadde altså teke den 8-timers longe kjøreturen for å være med på dette!

No he vi altså vore forlova i 4 år og gift i over 3 år, og det blir jo berre betre og betre!




post signature