"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

fredag 27. april 2012

Sånn går no dagane ;)

Vi er i full gong med pakking om dagen, og her er ikkje så altfor kosleg i denne lisje leiligheta no når det står kasse overalt. Men det må til, og vi skal nok få det greit koselig etter dette fyrste flyttelasset er kjørt også! Svigerforeldra mine kjem nemlig på besøk idag, og i helga skal vi kjøre til Sunnmøre med eit flyttelass. Vi flyttar ikkje før siste helga i Mai, men det nærmar seg altfor fort, og dette var den helga vi kunne få det til.

Kaos, altså! Ikkje er det så greit når en finn ut at ein skal ta ein skikkelig klesvask midt inn i alt heller! Menmen, noværande tidspunkt så er tørkestativa vekk, kleda er tørka, kassene står stabla, og koffertar er pakka, men fortsatt ligg det ting..overalt egentlig..

På Tirsdag skulle vi ein tur på Sørlandsenteret for å handle inn mat og kjøpe bursdagsgåver til to av mine søte små nieser. Bilen nekta å starte..Der var faktisk ikkje litt liv eingong. Vi fekk tak i startkablar og omsider starta bilen. Vi kjørte avgårde, og i fyrste kryss slo han seg av igjen! Vi måtte dermed skubbe den av veien! Jada,mykje styr.. Vi fekk ringe Falcken, og han hjalp oss i gong..Kjørte vidare, og deretter stoppa den i fyrste rundkjøring gjen.... Vi ringte Falcken,så heldigvis ikkje var komen altfor longt, og han kjørte bilen til Mekonomen, og oss til Burger King! Svoltne vart vi av heile greia.

Well, there`s a first time for everything, right?

Så bortsett frå litt kaos i kvardagen, så hadde eg ein altfor koselig kveld saman med danseklassa igår! Vi var i Vennesla hos Annbjørg, og der fekk vi mat og snack og is, og vart skikkelig bortskjemd!

Stas! ♥



Vi storkosa oss! Finaste danseklassa! ♥

Vel, no er det tilbake til pakkinga, før vi skal på skulen å ha øving med Ansgar Gospel Choir, også skal vi pakke litt til, så ein tur til byn å kjøpe dei gåvene som vi aldri fekk kjøpt på Tirsdag, for no er bilen i god form igjen! Takk å lov!
Vi gler oss til besøk ikveld, og imårga venta ein long kjøretur!


Klem
post signature

søndag 22. april 2012

Pakkinga er starta..

Det har vore stille på bloggfronten frå meg i det siste. Men her kjem eit innlegg om kva som skjer i vår kvardag for tida.

Eg har hatt den store gleda av å få være vikarlærer i dans fleire plassar i det siste. Det har vore kjekt og lærerikt, og eg kjenner at eg har gått av å utfordre meg sjølv litt på sånne punkt.
Eg har vore vikar på Ansgarskulen som eg går på, på danselinja, som eg sjølv går på vel og merke! Og dette syntest eg var litt rart i begynnelsen, men veldig kjekt og lærerikt! Eg er jo eldre enn dei, og har mykje danseerfaring bak meg, so då eg fekk spørsmålet, turte eg tilslutt og takke ja.I denne herlige gjengen er det nesten ingen av dei som har dansa så veldig mykje før, og eg frydar meg når eg ser korr mykje dei utviklar seg på det året her, og kor flinke dei er! Eg vert rett og slett veldig glad!☺
Det som er så kjekt,er at eg kjenner jo denne klassa veldig godt, og veit kva dei kan strekke seg til,og kva vi kan jobbe med. Og lære dei forskjellige stilartar som dei aldri har dansa før, og gå gjennom ein del teknikk.
Eg elskar å lære dei nye ting, og sjå dei prøve seg fram, og klare det! Dansetimane med desse gode vennane, er dei kjekkaste!

Eg har også vore vikar på Kristiansand kulturskule, og hatt 3 gruppe der. I alderen 8-17 år, i jazz. Pluss at eg har hatt nokre vikartimar hos Spinn Dansestudio her i Kr.sand i Hiphop, 3 klasse frå 8år og oppover.

Eg vert veldig inspirert av danseelevar som eg har, og det er ei stor glede!

Bilde ifrå ei av klassene eg hadde på Ansgar:

Bilda er tatt av Henning Bjørnstad, som også går i klassa ☺

Ellers, så har vi begynt med nedpakking, sidan vi skal køyre fyrste flyttelass til helga. Eg mislikar sterkt å pakke og er egentlig ganske dårleg på det. Men Rolfen har vore flink å klart å drage oss i gong. Han har egentlig prøvd å få meg med heile veka, men idag klarte vi faktisk å begynne.
Det vert veldig godt å kåme heim, samtidig så er jo det litt trist å skal flytte ifrå Kristiansand også. Vi likar oss veldig godt her. Elskar å bu rett ved byen, å ha Sørlandssenteret nokre minutt unna, og kunne gå på danseklasse og bruke masse tid på dans, og å gå i tidenes gospel kor! Og selvfølgelig ha venner som bur rett rundt hjørnet.

Sånn ser det vertfall ut her om dagen:

No har vi klart å legge alt i kasse, og plassert dei på ein plass, så vi slepp å bu i totalt kaos resten av veka. Har fortsatt litt til å pakke. Det tek si tid, og vi er ikkje dei mest effektive kanskje!
Idag bestilte vi Pizzabakeren pizza, og det synest eg var på sin plass idag!:)

Nam!☺

Rolfen og musikklassa har den siste veka spelt inn CD. Ein Cd med alle Ansgar Gospel Choir-songane som vi har hatt dette året her. Den trur eg vert veldig bra, og er verdt å ha i samlinga si ;)
Du kan gå på Facebook og søke på Ansgar Gospel Choir og Ansgarskolen, så ligg der ein del info og bilder av både innspeling og diverse.

Ha ein fin kveld/natt vidare ♥



Klem
post signature

mandag 9. april 2012

Påskeleir 2012

Frå Fredag 30.mars - Onsdag 4.April var vi på Hafjell og var ledarar på leir. Tidenes leir!
Der samlast 130 ungdomar inkludert ledarar og har nokre fantastiske dagar saman. Vi står på ski, spelar spel,får venner for livet, er med på aktivitetar, har møte, badar i bassenget, et masse god mat, og har det veldig fint saman. Det er eit av høgdepunkta i løpet av året, og eg trur denne leiren er like kjekk for oss ledarane, som deltakarane. Det er nemlig her vi endeleg har tid og muligheit til å få henge skikkelig saman og bruke tid med kvarandre, sidan resten av året nærmast går så i ett med all utdanning,jobb og sakar og ting som skjer i livet. Så denne leiren trur eg vi alle sett veldig høgt i prioriteringslista og gler oss alltid til når det nærmar seg! Og det er veldig stas!

 I år på leiren hadde vi bl.a "Leirens sterkeste" både gutt og jente.  Og siste øvelsen var å trekke ein bil på 1,1 tonn. Eg klarar ikkje å dy meg, og legg ut nokre bilde av denne hendelsen.

Rolfen var sjølvutnevnt Rodeo-klovn og lagde bra med liv i publikum. Vi heia og jubla og sendte bølga avgårde fleire gongar! Christina på bilde til høgre er dama som drog oss igjennom alle dei tunge øvelsane, i kampen om å bli "Leirens sterkaste" Personlig trenar, sterk og sporty som få er ho den perfekte i å drage i gong sånne konkurransar. Kulaste dama i byn! (bur i oslo,status: JA,singel!) hihi;)
Vi hadde også gleda av å tilbringe nokre dagar saman med desse herlige folka. Ane, lille Noah Obedi og Benge.
På bilde til høgre har vi Benge som akkurat hadde tatt seieren av bildraginga på 20 meter på 14,1 sekund og drog avgårde med 1.plassen.
Matin var med på leiken og drog bilen!
Vi er også ein god gjeng som har lovsongen på møta, og det er like kjekt kvart år og spele og synge saman med så monge bra og flinke folk. Mathias på bilde til venstre er ein av dei!
Så fekk jo vi låne Noah Obedi litt innimellom da ♥
Ein herleg liten skatt som vi er blitt veldig glade i!

Når leiren var over, og vi var over og ut, så drog vi til Eidsvoll til svigers og pusta ut nokre dagar :)
Og då vart det også Sverige-tur.. Ein vert jo fort rastlaus også om ein berre skal ligge på sofaen altfor lenge ;)

Vi hadde også ein veldig koseleg kveld hos Mathias ein av dagane, saman med ein gjeng. Det var veldig koseleg! Åt pizza, spelte ligretto, praten gjekk og vi koste oss!

På Laurdag kjørte eg og Rolfen heim til Kristiansand. Vi stoppa i Oslo hos Christina og hong litt der saman med ein gjeng før vi kjørte vidare!
Sett pris på livet og gode venner!

Alt i alt har vi hatt ein god ferie. Og vi har enda ein deilig fridag foran oss, før skulen byrjar på Onsdag! Glede!





Klem
post signature

fredag 6. april 2012

Fyrste grillings i Kristiansand

Etter 10-dagers turnèen var det nokren fine dagar i Kristiansand. Sol og deilig temperatur! Eine dagen var det over 20 grader! Digg!




(Ein VELDIG flau skrivefeil her, der eg forøvrig er VELDIG klar over at ansGar skrivast med G!!) haha *flaut* Posta det likavel! ;)

Ein av dagane grilla eg saman med Maria, Henning, Elisabeth og Marianne frå klassa. Vi kosa oss i fineværet! På kvelden vart eg med å såg Ringenes Herre 1 for fyrste gong.. ja, fyrste gong.. Det vil seie, eg HAR sove igjennom den før.. Einaste eg huska var "You shall not pass!" også sovna eg igjen! Men denne gongen klarte eg å halde meg vaken heile filmen (extended version..berre sånn for sikkerhets skuld)




Deilig når sola kjem fram!! Eg gler meg til sommar!

No har vi akkurat våkna litt frå dvale, sidan påskeleir. Vi var ledara på tidenes beste Påskeleir på Hafjell med dei mest fantastiske ungdomane som finst. På leiren var vi 130 stk med ledarar. Frå Fredag til Onsdag. Sidan har vi vore hos svigers i Eidsvoll og lada opp litt. Eg tok ikkje altfor monge bilde på leir, men litt tok eg, så kanskje eg kan legge ut nokre bilde derifrå i neste innlegg. Det var vertfall ein fantastisk leir, og sjølv om ein vert utslitt, så er det virkeleg verdt det

"If our God is for us, then who could ever stop us. And if our God is with us, than what could stand against" ♥

Husk
at du er vakker, verdifull og
høyt
elsket av Gud!






Klem
post signature