"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"
Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten familie. Vis alle innlegg

fredag 23. desember 2011

Det fjerde lyset er tent, og ventetida er over.

Sia sist, så he vi....

..tent det 4. lyset, heime hos mamma..
                   


                                  No tenner vi det fjerde lys
                                  og natta vert til dag.
                                  Vi ventar på ein Frelsarmann
                                  for alle folkeslag.










Vi har heia det Norske håndballaget fram til gull ☺

attmed kjekke folk ☺
Stian, Rolfen og bror Fred-Michael


Eg har lært meg poker.. ganske kjekt egentlig. Hadde nybegynnarflaks og vann fyrtse runda. Men etterpå gjekk det vel egentlig berre nedover..


mamma, eg, storesyste Evy-Gunn, Sean-Gabriel og Rolfen var oppi heia og fant oss juletre!

..eg fant mitt lisje tre..
..vi har vore på julespel til min nevø Sean-Gabriel. Han spelte ein av dei tre vise menn, og hadde 3 replikkar. Flink
vi har kosa oss heime i det julepynta huset til mamma..



ete deilig julemiddag og pynta juletre!

Ha ei deilig julehøgtid ♥



post signature

tirsdag 20. desember 2011

Bakedag hos mamma


                                                                                                    Min nevø, Sean-Gabriel , hjalp til med å lage julemannar♥ 




                                                                                                           Vi laga julemenn, sprut og lefse. 





                                                                                   

Vi baka laurdag og søndag, og koste oss med julemusikk i bakgrunnen.
 Idag har vi vore i skogen hos en slektning og valgt oss ut juletred. Fint var det, gler meg til å ta det inn i stova her hos mamma og pynte det. Har også vore og sett julespel på skulen til eine nevøen min,Sean-Gabriel idag. Han er 10 år, og hadde rolla som ein av dei 3 vise menn, og det var kjekt å sjå på

Ikveld har eg og Rolfen også vår barnevakt for 2 skjønne nieser!



 
post signature 

torsdag 8. desember 2011

5 år ♥

Idag, 8.desember, er det 5 år sia eg blei ilag med verdens beste kar. Det fortjena et blogginnlegg! ;)
 I 2006, gjekk vi altså i klasse ilag på folkehøgskule, og vi blei fort veldig gode venna, og deretter kjærestar. Og det er det beste som nokon gong har skjedd meg

TAKK baby, for at du alltid er der for meg, for at du støttar meg, oppmuntrar meg, stadig overraska meg, og elskar meg! Eg veit virkelig ikkje kva eg skulle gjort her i livet utan deg. Du er min beste venn, og eg diggar å henge med deg, og bruke tid med deg. ♥ ♥ ♥

Eit lite bilderas, av oss 2! Det må til!



                                        Desse 2 rare bilda er frå nokre dagar etter vi blei saman! Fotogene til tusen!






                                        
                                                                                 Fyrste jula ilag -07


                                                                    Rolfen besøkte meg i Bergen!


                                                                   Bilde som vi brukte til bryllupsinvitasjon.






Idag hadde vi egentlig planlagt å stikke ut å ete, å kose oss litt ekstra, men heilt ærlig, så har vi vel knapt sett kvarandre idag... :p  Rolfen og musikk-klassa driv med forestilling som dei skal ha imårga, og eg har tilbrakt mesteparten av dagen i dansesalen. Men vi skal nok ta det igjen ♥

Eg er ihvertfall 1 stk heldig jente!! ♥

Gratulere med 5-års dagen kjære ♥


Elskar deg! ♥






post signature

mandag 21. november 2011

Svigermor 50 år!

I helga var vi i Eidsvoll en tur. Svigermor vart 50 på søndag, så det måtte feirast :)


Flott svigermor, på Makedonia tur sommaren 2010!
Gratulerer med dagen

Ellers brukte vi Laurdagen på litt julegaveshopping i den fine butikken til svigerbror. Fin gavebutikk som heiter "Askeladden". Endar alltid med å kjøpe noko fint til oss sjøl også!
Der møtte vi også Andreas,ein kompis, som vi tok ein kaffe sammen med.


Vi begynte å kjøre heim til Kristiansand idag,Mandag i 11-tida på formiddagen. Kom heim halv 10 ikveld. Det inkluderar eit stopp på kjøpesenter, der vi fekk kjøpt julegåver (har monge å kjøpe til;), pluss at vi tok eit pitstop i Drammen, der vi møtte ein ny verdensborger.


Lille Noah Obedi kom til verden 11.11.11, og er son til vårt vennepar Benge & Ane.
Det var veldig koselig!
Gler oss til å treffe den skjønne familia igjen!

Imårga, trur eg at eg skal begynne å leite fram julepynt....glede ♥





post signature

torsdag 17. november 2011

Våre 2 sofakrokar

Eg var heime ein tur i helga, og då var eg innom leiligheta vår som fortsatt står der. Meininga er jo at vi skal tilbake til den etter dette året, så vi tok ikkje med oss altfor mykje heimafrå. Og når eg kom heim å såg den deilige sofakroken vår, ville eg berre sette meg ned og nyte det litt. Gler meg til å få bruke denne sofaen igjen vertfall!

                                                                               Vår sofakrok i år:

Fin og grei. Og billig ;) Vi ville ikkje bruke altfor masse pengar på møblar når vi egentlig har det vi treng heime. Men ikkje den diggaste sofaen å ligge i når du er sjuk, eller vil slenge deg ned å finne ei behagelig stilling å ligge/sitte i. Men vi klarar oss med denne eit år, trur eg...

Sofakroken vår ifjord, og som fortsatt står heime;

Saknar denne deilige sofakroken vår!


Ellers hadde eg ei kjekk helg heime! Var heime frå Torsdagkveld, til Mandag ettermiddag. Koste meg heime hos mamma. Ute å rangla kvar dag:) Rakk også å besøke alle mine herlige sysken.

2 nydelige tanteungar som eg var på kafè med:







post signature

lørdag 1. oktober 2011

Frieriet

30.09.07  var ein heilt vanleg dag. Eg budde for tida i Bergen, men var heime på haustferie denne vekå. Hadde prøvd å få Rolfen til å komme ein tur same veka, så vi fekk være litt saman. Men til inga nytte. Han måtte jobbe, og fekk seg ikkje fri!
Dette var ein søndag, og familia var på møte i menigheita som vi går i. Eg og Benedicte skulle danse på dette møte. Og eg tenkte at det var derfor pappa hadde med seg kamera. Han brukte jo alltid å filme når det skjedde ting. Alle syskena mine (5stk) var også der, med alle born også. Huska eg tenkte at det var jo veldig koselig at alle tok turen. Men tenkte ikkje nåke meir utover det. Det var fullsatt sal, og det var godt ut i møte, og vi skulle danse. Vi dansa ferdig lovsongsdansen, og takka fint for applaus og skulle gå å sette oss. Det var då alt det merkelige begynte.

 Broren min, som er 3 år eldre enn meg gjekk fram og tok ordet, og det var jo veldig uvanleg. Han er ikkje den som elskar og snakke i mikrofon,tenkte eg. Benedicte fekk gå å setje seg, men eg måtte stå att, og snu ryggen til publikum. Dette var då eg begynte å verte veldig flau og forsto ingenting av det som skjedde. Eg hadde ingen anelse om kva det kunne være. Ikkje huskar eg kva bror sa heller. Eg ante ingenting før det var nokon som tok meg på skuldra og fekk meg til å snu. Og der sto Rolfen! Eg blei ganske satt ut, og samtidig veldig glad for eit overraskelsesbesøk :) Han tok mikrofonen og begynte å snakke... Det var då det begynte å gå opp for meg. "Eit liv utan deg Miriam er som eit hus utan tak, cola utan kullsyre, ei bok utan side, osv..." Han gjekk fint ned på kne foran heile kirka, og spurte om eg ville gifte meg med han! Salen jubla og klart sa eg JA ♥


Bilde er tatt rett etter møte. Møtet vart avslutta og bak i døra ser eg at mi kjære svigerfamilie står! Dei alle saman hadde altså teke den 8-timers longe kjøreturen for å være med på dette!

No he vi altså vore forlova i 4 år og gift i over 3 år, og det blir jo berre betre og betre!




post signature