"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"
Viser innlegg med etiketten Venner. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Venner. Vis alle innlegg

fredag 23. desember 2011

Det fjerde lyset er tent, og ventetida er over.

Sia sist, så he vi....

..tent det 4. lyset, heime hos mamma..
                   


                                  No tenner vi det fjerde lys
                                  og natta vert til dag.
                                  Vi ventar på ein Frelsarmann
                                  for alle folkeslag.










Vi har heia det Norske håndballaget fram til gull ☺

attmed kjekke folk ☺
Stian, Rolfen og bror Fred-Michael


Eg har lært meg poker.. ganske kjekt egentlig. Hadde nybegynnarflaks og vann fyrtse runda. Men etterpå gjekk det vel egentlig berre nedover..


mamma, eg, storesyste Evy-Gunn, Sean-Gabriel og Rolfen var oppi heia og fant oss juletre!

..eg fant mitt lisje tre..
..vi har vore på julespel til min nevø Sean-Gabriel. Han spelte ein av dei tre vise menn, og hadde 3 replikkar. Flink ☺
vi har kosa oss heime i det julepynta huset til mamma..



ete deilig julemiddag og pynta juletre!

Ha ei deilig julehøgtid ♥



post signature

søndag 4. desember 2011

Julebord med skulen

Aller fyrst.. Det er jo andre søndag i advent, så då må songen syngast og lysa tendast!
Det nærmar seg jul med stormskritt..Ikkje lenge igjen!    Glede!



                    





                        No tenner vi det andre lys,
                        dei står der stilt og skin.
                       Vi ventar på at Gud, vår Far,
                        vil sende Sonen sin.
Dagens luke i kalenderen frå svigermor var 2 kjekke blad. Et fotballblad til Rolfen og eit juleblad til meg som eg skal kose meg med idag ☺


Igårkveld var det julebord/grøtfest på skulen. Då var det på med finstasen, og det blei ein fin kveld med koselig selskap, fin underholdning og god stemning.
                                                                              
                                    På dette bilde frå venstre; Annbjørg, Elisabeth, Elisabeth, meg, Jannicke, Maria og Ane. Musikk og dansejenter:)
                                                                  Eg er rett og slett eldst OG minst ☺


Eg og Henning i klassa

Ane og Marianne ♥
                                                                                                                                                                       
                               






                     Eit bilde av oss til slutt ♥



                   Ha ein god Søndag!

Vi har kost oss og slappa av so longt idag, Rolfen skal ein tur ut å synge no, mens eg blir heime og får litt orden på julegavene. PLUSS at eg må bake brød! Her var plutselig tomt av alt som heiter rundstykke eller brød idag. Restepizza til frokost? Jada, det funkar det ein søndag i advent ☺

tirsdag 29. november 2011

I helga har vi vært på Korturnè med skulekoret "Ansgar Gospel Choir". På Fredag var vi Drammen, Laurdag i Fredrikstad og Søndag i Larvik. Det var veldig kjekt, å det svinga i koret ☺
Vi tok Moss-ferga, å der måtte vi opp på dekk for å få litt vind i fleisen. Deilig  og forfriskande var det!



Det var kjekt på tur, og eg gler meg til neste konsert vi skal ha!

Eg å Rolfen var på Coop Obs å handla ista. Og vi brukte sånn Coop-express shopping for fyrste gong. Det var veldi lettvint å greit, slepp å stå lenge i kø ;)
Vi går rundt med en egen scanner, og scanner varene etterkvart, å kan sette varene rett oppi posen, så fullføre på ei maskin ved kassene. Genialt. Eg likar Obs ☺






post signature

torsdag 24. november 2011

Mens vi ventar på vinteren...





Har vi tent bål nede ved sjøen saman med gode venner.




Sett på at Hausten sakte men sikkert blir litt borte.



Spist litt chinamat attme Rolfen, digg ♥

Åso dagen der godteristopp ikkje funka lenger..... 1 veke igjen av stoppet å vi falt for fristelsen igår kveld. Jaja, sånn går jo dagane. GODT var det vertfall ☺






post signature

mandag 21. november 2011

Svigermor 50 år!

I helga var vi i Eidsvoll en tur. Svigermor vart 50 på søndag, så det måtte feirast :)


Flott svigermor, på Makedonia tur sommaren 2010!
Gratulerer med dagen
♥

Ellers brukte vi Laurdagen på litt julegaveshopping i den fine butikken til svigerbror. Fin gavebutikk som heiter "Askeladden". Endar alltid med å kjøpe noko fint til oss sjøl også!
Der møtte vi også Andreas,ein kompis, som vi tok ein kaffe sammen med.


Vi begynte å kjøre heim til Kristiansand idag,Mandag i 11-tida på formiddagen. Kom heim halv 10 ikveld. Det inkluderar eit stopp på kjøpesenter, der vi fekk kjøpt julegåver (har monge å kjøpe til;), pluss at vi tok eit pitstop i Drammen, der vi møtte ein ny verdensborger.


Lille Noah Obedi kom til verden 11.11.11, og er son til vårt vennepar Benge & Ane.
Det var veldig koselig!
Gler oss til å treffe den skjønne familia igjen!

Imårga, trur eg at eg skal begynne å leite fram julepynt....glede ♥





post signature

torsdag 27. oktober 2011

A day in New York City #Part 3

Eg har SO masse kjekke bilde som eg vil legge ut, men trur rett og slett eg må ta meg sammen og berre prøve å ikkje plukke ut altfor monge, for då vert det veldig fort part 6 og 7 av desse innlegga her :P  Og eg tenkte egentleg berre å lage 2-3 delar med New York innlegg. Menmen, vi for sjå korleis det går :)

Statue Of Liberty! Vi tok båten ut til den lisje øya og fekk nokre bilde av frihetsgudinna! Denne dagen skulle vi egentleg ta ein båttur med NY Waterway, men då vi kom dit så hadde siste båten nettopp gått :( Det var veldig trist! Men, samtidig så var det litt kjipt vær den dagen, så vi hadde kanskje ikkje fått den fulle opplevelsen. Denne båten tek oss med rundt heile området, og gir oss sjansen til fantastiske bilde av både frihetsgudinna, utsikt inn mot byen, Brooklyn Bridge og masse meir. Denne turen hadde eg gleda meg masse til, så litt trist var det, MEN det skal eg ta igjen ein anna gong! :)
Vi fekk vertfall tatt båten ut til Statuen, og tatt litt bilde der. Kunne fått veldig fine bilde av byen på vei inn mot land igjen, men det var så mykje tåke, at det ikkje blei nåke bra.
På vei til køen forresten, møtte vi på ein gatemusikant, som spurte kva land vi kom ifrå. Då vi sa Norge, begynte han å spele nasjonalsongen vår på "trommene" sine for fullt. Det var veldig kjekt og han fekk jo litt peng med oss for den fine innsatsen. Tru at vi song for full hals ilag med han då ;) Ja! Her kjem eit lite bilderas frå turen! :)



Eg ting eg også ville prøve å få til når eg var der, var å besøke Ground Zero. Vi var der et par gongar, men det passa aldri å gå inn i det minne-musèet som dei opna i forbindelse med 10-års markeringa. Men det var,for meg sterkt å berre være der på plassen, sjå korr dei driv med igjenoppbygging av denne tragiske hendelsen som ramma dei.Der hong flagg og låg litt blomster her og der. Dei driv å bygg ein høg skyskrapar,som skal være "Freedom-Tower".
Der var ein long vegg, på fortauet, der det var laga til minne om denne dagen og alle dei som mista livet. Eg tok nokre bilde av dette. Ellers tok eg ikkje så monge bilde derfrå, ville heller berre gå rundt å sjå å tenke, å minnast alt dette. Det var masse inntrykk.Tenke på den dagen å korleis det måtte være..

Dedicated to those who fell and to those who carry on.♥
May we never forget. ♥
Vi gjekk også forbi, "Manhatten-corner", ein heil bråte med demonstrantar som virkeleg demonstrerte. Der var hippie-bilar, masse politi, monge TV-kanalar og fullt liv. Tok bilde av ein kar her:


Vi var forresten på 5 forskjellige workshops. Vi var på Flamenco,som eg nevnte, så var vi på Bollywood-dance, noko som var utruleg morsomt! Åso på Horton-teknikk, Afro-jazz og Tango! Veldig gøy! Når Laurdagen kom, var vi på Joyce Theatre igjen og såg ei forestilling. Det var utruleg bra! Eg anbefalar virkeleg og stikke til Joyce Theatre på Laurdagar å sjå på forestillingar som dei har, det er absolutt verdt det. Det var dei beste forestillingane vi var på. På vei til ei anna forestilling igjen som vi var på , gjekk vi igjennom Central Park ♥

I loved it!!




New York gleder:



To vakre damer og Starbucks ♥


"FRIENDS"-leiligheten ♥



Kva er vel bedre enn å avslutte ein herleg dag med Ben&Jerrys iskrem ♥ ♥
ÅH, NAM!!

Søndagen, som var siste heile dag i byen, brukte vi bl.a på å gå opp i Empire State Building!
Bilda talar for seg sjølv :)


Vi ventar på å komme inn til simulatoren som vi tok! Vi satt liksom i helikopter å flaug over byen, det var gøy!


Vi blei så klart møtt av sjølvaste KING KONG ;)










hehe, priceless uttrykk på Maria!!

Resten av den siste dagen blei brukt til shopping, å litt souvenir kjøp og div. Eg og Madde skulle på "Niketown" på fifth avenue, og fant ut at det var ein del gater å gå, ca 10, dermed haika vi med ein sånn dere syklist. Som var veldig hyggeleg!


Det var deilig å sitte!! Det morsomme var at når vi trudde vi var framme og han slapp oss av, så ser Madde i boka si igjen (Gatelangs), å der sto det street 57, Ikkje 52!! Dermed måtte vi gå litt til likavel da ;)
Avslutta kvelden med å ete på ein meksikansk restaurant nær hotellet vårt. Vi ville egentlig på Time Square, men der var visst oppstyr, og kvelden før hadde der vært 30000 demonstrantar i gatene.
Koseleg blei det uansett!

Marianne og Lina til venstre. Madde og Henning til høgre.
Elisabeth x2 på bilde til venstre. Irina, Maria og Solveig til høgre.
Der var nokre hyggelege meksikanske menn kom og spelte for oss!



Elisabeth, eg og Maria.

New York må berre opplevast. Rett og slett :)
So long, New York City ♥







post signature