"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"
Viser innlegg med etiketten shopping. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten shopping. Vis alle innlegg

søndag 11. desember 2011

Adventskos

På fredag hadde Rolfen og musikk-klassa Jule/vinter-konsert her på skulen. Det var veldi kjekt og dei var veldig flinke! Rolfen song "Someday at christmas", "Hysteria" og så var han med på fellesnr., bl.a Grease, der gutane framførte og dansa! Hehe, eg er ikkje den einaste av oss som kan å danse vertfall ;)
Det var ein kjekke kveld! Og eg og 3 jenter frå danseklassa var også med å dansa på eit nummer, til songen "Come Together" av Beatles.
 Fredag morgen var forresten danseklassa hos Irina (læraren vår) og spiste deilig julefrokost og utveksla gåver.
På laurdag så stakk eg og Rolfen inni byn for å få gjort ferdig litt julegåver. Der var skikkelig koselig julestemning og masse folk (snøen mangla då men)

Kjøpte ein veldig søt telysholdar på butikken Upstairs, som eg er stor fan av!
Ellers så brukte vi kvelden igår og litt idag på å lafte pepperkakehus! Eller stabbur..eller hytte..
koslig ♥




                                                                            hehe, den fremste figuren her, skulle egentlig bli en snømann! haha
                                                                                    

                                                 ikkje lenge igjen til julafta. . .






Sjå på den koslege nissen som Rolfen laga! hehe, flink ♥

Og idag er jo det 3.søndag i advent, så vi har tent lysa:



                                                                
                                                                    No tenner vi det tredje lys,
                                                                    det er eit heilagt tal.
                                                                   Vi ventar på at Kongen vår
                                                                    skal fødast i ein stall
                                                                                             

Vi har hatt ei skikkelig adventshelg, og kosa oss! No er det eit par dagar til på skulen, før vi reiser heim til Ulsteinvk. Ser fram til endå meir julekos heime hos mamma!
Håper helga di har vært fin




post signature

fredag 2. desember 2011

Julekos i heimen



Bortskjemt av svigermor! Stor julekalender til meg og Rolfen ♥





Desse søte hjerta fekk vi i luke nr 2 i kalenderen frå svigermor! Kjempesøte :)



Denne ballerinaen sikla eg lenge etter på butikken Åhlèns, før eg endeleg kjøpte den.
Har no fått plass i vinduet. Søt liten sak

Idag har vi vaska og styrt her i leiligheta! Laga pizza, spist litt digg, og sett gullrekka på Tv! Herleg Fredagskveld.
No har eg berre ei bekymring, og det er tåa mi. Klarte å skade stortåa i dansetimen idag. Å det passa jo veldig dårlig. Har ikkje klart å stå på tå eller gått skikkelig med foten etter det skjedde. MEN, eg håper det går over no når det er helg og eg får kvilt meg litt!

Har DU adventskalender?
Evt. kva slags kalender?

GOD HELG ♥






post signature

onsdag 26. oktober 2011

A day in New York City #Part2

Tredje dagen var vi på dansekurs! Da var det Flamenco som sto på planen!


Det var ganske gøy, det var ei litt eldre dame som skulle lære oss. Midt ut i timen kom han som eigde studioet (lure på om det også var mannen hennar..?) , og skulle spele gitar til mens vi dansa. Dei var ueinige i takta, og begynte å småkrangle litt foran oss alle.. hehe, rart. Men det var en veldig gøy time synest eg! På med karaktersko og Flamenco-skjørt!

                   
   







 Madeleine og Elisabeth i klassa :)
























Vi brukte ganske masse tid på ein dansebutikk, ved navn Capezio. Der kjøpte vi karakterskoa, og fornya dansegarderoba! Ballettdrakt og strømpe, varmeshorts og dansesko, alt vi kjem til å trenge det året her..









Eg og Madeleine etter dansetimen på vei nedover Time Square.

Vi var jo sjølvsagt på musikal! Då delte vi oss opp litt, og såg litt forskjellig. Nokon såg Phantom of the opera, og eg bl.a såg Chicago.


Vi gleda oss over kvar anledning til å pynte oss opp litt ;)


Madeleine, Ane, Annbjørg, Henning, Elisabeth og eg gjekk på Chicago! Det var veldig bra! Ettersom eg seinare på turen gjekk å såg Billy Elliot, så gjekk den over all forventning. Og eg likte den absolutt best. Då blei Chicago egentleg ikkje så voldsomt fantastisk etter å ha sett den andre. For det var absolutt ein opplevelse! Eg lo og eg grein, å satt å gapte av beundring over den 13 år gamle guten som dansa heilt fantastisk! Den må sjåast :) (Visst du e glad i ballett vel og merke)

Etter Chicago musikalen var ferdig denne kvelden, bestemte vi oss for å sette oss på Time Square å berre være. Vi kjøpte oss mat, og satt oss i den berømte trappa midt på Time Square, og der satt vi utover kvelden og berre såg på alt som skjedde, alt livet, og alle rare folka. Dette var ein kveld eg satt veldig pris på.



Kan du sjå oss?


Veldig fornøgd med Starbucks kaffen min!
Herleg kveld!

Ein dag var vi og besøkte Alvin Ailey School, ein stor danseskule! Vi fekk også vite at det var her sånne som Beyoncè og Lady Gaga var og trente å dansa. Og Beyoncè er like lita som meg! HAH :)
Vi var inne på ein time, og såg på flinke studentar som trente Horton Teknikk. Det var veldig kult, og folk her er så flinke!

Vi spiste ute etter timen;

Annbjørg,Elisabeth,Solveig,Marianne,Madeleine,eg og Maria.
Monge nye skopar under bordet der ja!
Og shopping blei det meir av!


Denne digge dagen avslutta vi med å besøke Rockefeller Center! Det er eigentleg ein liten by midt i den store byen. Der ligg heile 19 store bygningar no. Der er både Nbc Studios, Today show studio, Radio City Music Hall, Top Of The Rock ++
Vi var oppe i det høge "Top of the rock" og hadde nydeleg utsikt utover byen.



*mobilbilde*


Perfekt avslutning på dagen!

Håpar at eg ikkje kjedar dokke! :)
Nytt innlegg kjem når eg får fleire bilde klare på Pc-en!

Ha ei nydeleg natt folkens!






post signature

torsdag 21. juli 2011

Passa bl.a den skjønne skapningen her igår:

Ho her e mi minste niese, blei 1 år i mai!

Kjøpte denne lampen her:


Og fekk litt småpanikk når ej innsåg at ej he berre ei og ei halv veke igjen på jobben! Litt rart å tenke på.
Vi skal flytte til Kristiansand for et år, å ta et år på Ansgar Bibelskule. Ej skal gå på danselinje og Rolfen musikk. Det passa jo oss ganske bra.
Sjekk ut skulen her:

Igår satt vi oss ned og skreiv opp alt som må huskast og gjerast. Puh!
Ej gler og grur mej, blir deilig å komme på plass, prøve ut en ny by og bli kjent med nye folk:)