"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

onsdag 19. oktober 2011

Back to norway

Heime i Norge etter 10 herlege dagar i fantastiske New York! Det er verkeleg byen som ikkje søv, og energien i den byen kunne eg kjenne på når vi gjekk gjennom Time Square. Anbefalar alle og ta turen dit. Eg vil definitivt tilbake, gjerne attmed min kjære mann :)
Speaking of min kjære mann.. Eg fekk ein god velkomst når eg kom heim. Nyvaska hus, og ei rydda leiligheit, nyvaska oppredd seng og innkjøpt mat! Fantastisk!
OG ikkje minst, hjerteballong var kjøpt inn og plassert fint rundt omkring! :) hih, godt å være savna!!


                                                                             Eg har ein herleg mann!


Ein liten smakebit på ting eg kjøpte; sko! Har litt skodilla, og har meir enn nok sko egentlig! Men, masse billige fine sko, det sei en vel aldri nei takk til. Converse sko til 150- 280 kr?! Klart eg måtte kjøpe dei då, når dei gjerne er 700 kr her heime :)
Kjøpte ikkje mindre enn 3 par sko til Rolfen også ;)



Rolfen hadde som sagt kjøpt inn mat, og blant dette var også et par Starbucks-kaffe kjøpt inn! Han hadde sett på nettbanken at eg hadde vært der en del, og tenkte at eg måtte ha avvenningsperiode! Heilt rett :D


Min starbucks-favoritt; Iced White Chocolate Mocca! Namm!

Well, eg har ein jobb med å plukke ut dei beste NY-bilda no, skal jo såklart ha eit eige innlegg om berre turen.
Har forresten Jetlag om dagen, sov til 3 idag, og kunne gjerne sove monge fleire timar! Vi reiste frå hotellet kl 12 på formiddagen (6 om kvelden norsk tid), hadde eit par tima med bussguide, og flyet vårt gikk 7 på kvelden i USA tid.( 1 på natta heime) Kom heim kl halv 5 Tirsdag ettermiddag norsk tid (då var kl altså halv 11 på formiddagen i NY). Så gjekk på ein måte glipp av ei natt, sov kanskje ein time tilsaman på flyet og flyplassen.

Jaja, godt er jo det å være heime! :)




post signature

1 kommentar:

  1. Åh-for kjekke mann-sjå og lær menner!!! Tjihi:)))

    SvarSlett