"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

søndag 26. februar 2012

Vinterball-glimt

På Torsdag var det altså vinterball på skulen. Eg satt i pyntekomitè, og har kost meg med det! Danseklassa hadde ansvaret, og vi delte på forskjellige oppgåver, og hjalp kvarandre, og var veldig fornøgde når kvelden kom! Det blei litt sånn amerikans ball-følelse på heile greia, og eg trur og håpar at folk koste seg!
Det såg da sånn ut vertfall! Nokre bilde av korleis det vart sjåande ut på skulen denne kvelden:








Fotoveggen vart stor suksess, og folk stod utover heile kvelden og knipsa bilder!

Dansegulvet med stjerner og discokule! Kveldens tema var altså stjernenatt/stjernehimmel (huska ikkje akkurat i skrivande stund:P)

Denne stien leda ned til ein gang der du kunne ta med daten din eller ein ven, og gjere forskjellige oppgåver! Skrive eit dikt, snakke om fyrste møte,kva dyr minnar ein kvarandre om, og masse andre kleine ting! Hehe Morsomt vertfall!

Sånn såg eg ut, med kjole som eg fekk i julegåve, og svart hårpynt som eg fant på Glitter. Håret rabla eg opp i ein slags gamaldags-rull sjøl. Ingen frisør, men det vart då sjåandes greit ut! hehe.. litt sånn amatør-ish likar vi det!

Litt uklare bilde, sidan eg ikkje hadde stativ, men..                                Eg er då gift med ein kjekkas!

Vi fekk god underhaldning under middagen! Gutta framførte ein klassisk Backstreet Boys song, noko som var veldig bra og morsomt! Dansemoves hadde dei også ;)

Så var det Lovise og Inger som song ein nydelig song for oss. Den var sjøllaga også, etter det eg forsto? Nydelige jenter, og nydelig song


Etter middagen var det polynese inn til dansesalen, og dansegulvet var opent resten av kvelden!

Kveldens Konge og Dronning!! Henning frå klassa mi, og søte Lina!



Vi koste oss på dansegulvet "If you like it,than you should put a ring on it" ;)

Fine kjærsteparet! Lina og Helge :)

Danseklassa! Med tøffe Irina i One piece!
Hehe, ho var på kjøkkenet og jobba litt, men klart vi måtte ha eit bilde ilag!

Festen er over,
vi tek skona fatt og det bærer heim... 

 Kveldens middag var forresten Lasagne og salat. Og til dessert hadde vi sjokolade mousse,med vaniljesaus. Og utover kvelden var det litt kake og snacks!
Eg synest kvelden var vellykka, og at det vart ein kjekk kveld.

Det vart jo ein del bilder, eg kosar meg når eg sit her og driv med dei! Håpar du kosar deg òg!





Klem
post signature

2 kommentarer:

  1. Fru Knotten Torvik27. februar 2012 kl. 16:53

    Masse lekker pynting og lekre kjola!! :) Og håret ditt va skikkelig kult! Originalt og klassisk på same tid ;) He dåkke komt heimatt til "verdens navle" no..?!? (les: Tarberg..) he,he..

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk siss :) Ja, no e vi heime, kom igår :)

      Slett