"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

tirsdag 27. mars 2012

Ansgar Gospel Choir - On Tour!

Då var vi heime i Kristiansand og på Ansgarskulen etter 10 dagar fyllt med busskjøring, mat, snop, fergeturar, natur, musikk, song, dans, gode venner, nye venner, soving på luftmadrass, glede og mykje meir! Vi har hatt 9 konsertar og 4 danseforestillingar! Herleg tur, herleg gjeng og fantastiske vestlandet! Ein vert sjølvsagt sliten etter ein sånn tur, men det ein sit igjen med er alt det kjekke og positive

Det vakre vestlandet, i solskinnsvær er berre nydeleg! Og ein kan jo miste pusten av mindre! Tok nokre bilde, alle tatt med mobilkamera.

Vikafjellet!

Rolfen, Jonas og Kjell-Tore! Kjekke folk!


Voss, hadde eg vore rik, trur eg at vi hadde hatt ei hytte der!


På bilde til venstre, er bussturen i Hardangerfjorden, og til høgre er vi komne til Norheimsund. Der besøkte vi Framnes vidaregåande skule, med både konsert og forestilling!



Ikkje mindre enn 12 fergeturar på turnèen. Svele er godt!..med sukker!

Henning og Ane frå klassa mi

Bildet til venstre vart litt megalyst, men dei som er avbilda er så herlege at eg berre måtte legge det ut! Sunniva og kordirigent "Syver"!

Solskinnsdagar med is er ikkje feil! Marianne og Glenn på bilde til høgre :) supre menneske!

2 stk kjekke karar til venstre! Aleksander (miljøarbeider) og Jonas frå klassa til Rolfen! Og 2 skjønne jenter; Lovise og Inger  

Alt i alt ein fantastisk tur!
Kjem til å savne det koret når vi sluttar. Kjekt med skikkeleg gospelstemning!
Om du var på ein av konsertane vår, så hadde det vore kjekt å høyre om du likte det
Danseforestillingane vår gjekk også bra, og vi fekk monge gode tilbakemeldingar. Vi fekk filma og tatt ein del bilde av desse, så kanskje eg får tak i nokren bilde eg kan legge ut etterkvart.

Takk for ein flott tur AGC! ☺





post signature

fredag 16. mars 2012

God stemning

Igår var det en nydeleg dag her i Kristiansand. Sola skinte, himmelen var blå og det føltes som vår! Ja takk, til fleire sånne dagar! Etter ein dansetime, gjekk vi ut og tok litt bilde og filma litt. Nokre få glimt:

Foto Kjell Tore Myre

Eg går i klasse med ein herleg gjeng!




I skrivande stund burde eg egentleg pakke siste rest, og gå å legge meg. Istadenfor sit eg her og gomlar i meg ein Ben&Jerrys is og kosar meg med blogg! Imorgon reiser vi på turnè, og vi er klare for 10 dagar med song, dans og bussliv på det fine vestlandet!
Her kan du sjå om vi kjem nærme der du bur:

Dette er ekte gospel med truck og god stemning! Anbefalar å ta turen
Verte kjekt å treffe kjente folk rundt omkring vertfall!:)
Det vert sikkert ikkje så mykje blogging på turen,men det vert nok ei oppdatering når eg kjem heim!
Ønsk oss lykke til, og kom gjerne på konsert og forestilling om du er i nærheita!

..On the road again..☺




Klem
post signature

søndag 11. mars 2012

Inspirert!

I helga har det vore fullt kjør her på skulen! Creative 2012 -Talent for Jesus!  Plenty med bra ungdom som har vore her, og tatt diverse workshops med oss på skulen. Veldig inspirerande! Ungdomskule- og vidaregåande -trinn. Vi har hatt kurs som Band, Rapping, Dans, Ledertrening, Graffitti, Foto, Film + +


Det som er inspirerande, er å sjå korleis ungdomane utviklar seg berre i løpet av nokre få timar. Og sjå at det du er med på å lære dei, vert så bra til slutt. Det er monge talent der ute, og det er så kult å sjå når det veks fram. Idag hadde vi ein slags Gudstjeneste som avslutning, der alle gruppene viste fram det dei hadde lært i løpet av helga. Og der var så masse bra!
F.eks var det ein gut, som leda møte og hadde ei lita andakt. Og det han sa, var berre så bra, og vart skikkeleg tankevekkar for fleire trur eg. Vertfall meg. SÅ kult!
Kjekt å være med på ei sånn helg. Kjenner også at det var ille godt å sette seg i sofaen idag etter møte og slappe av! Det tek jo tid og energi med eit sånn opplegg. Men det er absolutt verdt det!

Rolfen var også nattevakt inatt frå 6.00-9.00. Så han har vore ganske så trøtt resten av dagen!
Men vi har slappa godt av, laga god middag, ete snop og kosa oss!







Så med andre ord, har eg hatt ei finfin helg, og er no klar for ei veke med forberedelsar til 10-dagers turnè,som startar på Fredag.

Vil også takke for at akkurat du tek turen innom bloggen min! Ser at det er monge som er innom i løpet av dagen og veka. Det sett eg pris på!
 
Legg gjerne igjen spor etter deg, det er berre kjempe koseleg!





Klem
post signature

torsdag 8. mars 2012

Kakao, cookies og kos

Må berre dele dette bilde av meg og mine flotte søsken og mamma!


♥♥

Denne veka har gått fort, og det har vore mykje å styre med! Eg har brukt masse tid i dansesalen, og har vore dansevikar på kulturskulen her i Kr.sand bl.a.
Igår hadde eg ein koseleg kveld saman med nokre herlige jente. Vi såg film, og koste oss med Kakao m krem, marshmallows og cookies! hehe, snakk om å kose seg! Det er bra vi dansar masse om dagen :)

-mobilbilde-
Vi såg "Definetly, maybe"! Skikkelig skjønn og morsom film!

No i helga vert det fullt kjør her på skulen! Vi skal ha besøk av ein heil gjeng med ungdomar, og dei skal være her heile helga på "Creative". Vi skal stå for forskjellige workshops o.l, og eg og ein gjeng frå klassa skal ha danseworkshop bl.a.
No skal eg ligge på sofaen resten av kvelden og slappe av og nyte det!




Klem
post signature

lørdag 3. mars 2012

Ut på tur! Lokasjon - Eidsvoll ♥

Vi har ein ganske så sprek morfar (til Rolfen) i familia, som dreg oss med ut i skogen ein Laurdags morgen!












Snart er det middag, før vi tek ein tur på Bowling!
Vinterferien vår er snart over, og endå ein long biltur ventar oss imårga på veg til Sørlandet!




Klem
post signature

torsdag 1. mars 2012

Great!


Meteorologens tekstvarsel

Ulsteinvik:

Idag Torsdag 01.03.2012

Sørvest sterk kuling 20 m/s, sent i ettermiddag vestlig frisk bris 10. Regn, snø i høyfjellet. Lokalt mye nedbør. Lokal tåke. Fra i kveld vestlig liten og periodevis stiv kuling 15. Regnbyger, snøbyger over 500 m.
 
 
Kristiansand:
 
Idag torsdag 01.03.2012
 
kl 15–18 Klarvær.  Gjelder for: kl 15–18   11°       0 mm (nedbør)
 


...........Just great!





Vi er i Ulsteinvik i noværande tidspunkt!
Men tross det dårlige været, så har vi det deilig på "ferie". Vi ferierar heime på Moltu med mamma, og vert bortskjemd med gode middagar og alt som høyrer med! Monge kjekke folk er her å være saman med også, så vi har jo det ikkje så verst...
Hadde vore fint om været i Kristiansand holdt seg sånn ei stund framover!


Klem
post signature