"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

mandag 24. oktober 2011

A day in New York City #Part 1

10 daga i New York = ganske monge bilde. Dermed dela eg opp og tek nokre dagar om gongen. Så det vert nokre innlegg om New York, men det gjer vel ingenting? ;) Eg kosar meg ihverfall når eg sit her og mimrar tilbake til ein digg tur. For det er nemleg ordet på heile turen; Digg!

Det var eit fantastisk syn som møtte oss når vi gjekk inn for landing på La Guardia flyplass,New York. Det var som å være med i ein film, bortsett frå at vi var heilt i ekstase! Titalls filmar har eg sett som har hatt denne scena, over alle skyskraparane og over den søvnlause byen.Vi var faktisk i New York city! Det var eit flott syn! Den kjekke piloten tok ei ekstra runde rundt desse høge flotte bygningane denne kvelden, til vår store glede. Det var rundt midnatt når vi landa, så ekstra masse lys å sjå. Vi knipsa i vei. (skal få tak i eit bilde av dette og få lagt inn)

Vi hadde ein utruleg kul start på dag 1 i byen! Vi budde på Broadway Hotel, og vi skulle møtast i lobbyen for å gå til vår fyrste forestilling. Ute høyrer vi eit heidundrandes bråk og folk som jublar og hoia. Det såg ut som det var alle byens skatera og longboard-folks som okkuperte gata. Det var hundrevis av dei, å det var eit utruleg kult syn. Små og store, hannkjønn og hokjønn,alle slags folk, kjørte forbi, midt i veien, så all trafikk stod stille. Det holdt på ganske lenge! Nedover gata for dei i full fart, mens dei jubla og laga show. Nokon med musikk på seg, andre med kamera.



Turen gjekk til Joyce Theater, der vi såg ei danseforestilling, som eg synest var kjempebra! Eg sat og gapte og beundra desse kroppane som flaug over scena, for det var fantastisk.







Danselæraren vår, Irina! :)


















Elisabeth, i klassa, ser ganske fornøgd ut :)












SÅ var det fyrste møte med Time Square!
Kall meg barnsleg, men ja eg var veldig i ekstase når vi kom fram. Det har jo alltid våre berre ein draum å reise til NY, og no var eg her!
Det krydde av folk!Overalt!


Fornøgde klassekameratar! Henning, Solveig, Elisabeth, Marianne og Annbjørg.


                                 "These streets will make you feel brand new, the lights will inspire you!"


Det høyres klisjè ut, og du har høyrt det fleire gongar før, men energien kunne ein kjenne når ein gjekk igjennom gatene. Det var herleg. Masse rare folk, spesielle folk, flotte folk, brudepar (minst 5 stk i løpet av turen), selgarar, turistar, kunstnarar, naken cowboymann som spelte, naken gamal cowboydame,einaste ho hadde på var ein slags bokser og stjerner som skjulte brysta, vakre folk, dansarar, rappara, der var alt. Der var også ein spesiell plass, ved eit lyskryss, der det plutselig sto nokre muskelbuntar og trente. Midt på time square! Trente i bar overkropp. Her er ingenting merkeleg visst nok. Alt er lov.
Fyrste dagen avslutta vi med å ete middag på Fridays, der det egentleg blei ganske så dyrt å ete. Fyrste og siste gong denne turen. Godt var jo det.


Søndagen var vi i 2 forskjellige gudstjenester. Det måtte jo opplevast når vi var der. Ganske så forskjellig ifrå Norge ihvertfall! Der var det stemning og liv og røre, kan man godt sei. Vi var fyrst i Brooklyn Tabernacle Church, der vi også høyrte Brooklyn Tabernacle Choir, nåke som var ganske så festleg! Deretter shoppa vi litt i Brooklyn, deriblandt Converse sko til 280 kr. Det likte vi! :)
Vi var også i Time Square Church på kvelden. Har ingen bilde frå dette, då det ikkje var lov og ta bilde eller filme. Einaste som var minus med desse kirke-besøka var at det var innmari kaldt inne. Og sidan det var sydenvarme dei fyrste dagane i byen, så hadde vi ikkje på oss altfor masse kle. Brrrr...







Solveig spør etter vegen til Time Square Church!

Fin hest! :) "Dumme turistar" ,tenker han.












På vei til kirka, var det eit fly med budskap på himmelen over oss.

"Last Chance", sto der.

Eg har så vidt landa ifrå denne opplevelsen, og gled meg allereie til å dele meir med dåkk:)
No begynne det å bli så seint, så eg tek kvelden, så blir det nytt innlegg imårga!





post signature

2 kommentarer:

  1. ååå, kuuult! ej me he lyst i kirke der borte!! Gler mej til neste innlegg =D

    SvarSlett
  2. Åhh...du he virkligen vore der <3
    Venta spent på neste innlegg :)

    SvarSlett