"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

torsdag 21. juni 2012

FRIENDS

I dette innlegget skreiv eg om at vi i danseklassa dreiv på med noko artig,som eg ikke kunne røpe kva var.
No har eg resultatet og eg tenkte og dele den her.  Vi laga ein video som vi skulle vise fram på avslutninga blant andre ting. Det var utruleg morsomt å filme inn det her, vi hadde det kjempegøy! Det var KALDT vatn og det vart vannkrig til slutt og veldi morro.
Så her er resultatet!



For oss er det kjempemorro og ha dette å sjå tilbake på å mimre litt, å ein fin måte å huske alle desse gode vennane på! :)
Nokre bilde ifrå dagen:

Klassisk Elisabeth og Henning-slosskamp
Klassisk Henning klesstil! hehe..eller? Alt vi jentene fikk han her til å gjer! Respekt Henning ;) Du er kul!




Klem
post signature

tirsdag 19. juni 2012

Kristiansand-stuff

Kristiansand by, vart eg igrunn veldig glad i!
Her er nokre ting eg saknar litt ekstra, no som eg ikkje bur der lengre...

* Å gå i "Markens", den koselige handlegata, og ta ein kaffekopp på ein koselig kafè,eller kjøpe ein is i isbaren.
* Gå ned til sjøen og ligge på svaberget

* Yndlingsbutikkane mine; "Upstairs" og "No.1"
* Gå innom den stooore bruktbutikken Shalam
* Ha venner, bokstavleg talt rett rundt hjørnet
* Middag ute på verandaen i sola
* Gå opp til skulen rett ved å bruke dansesalen ♥ når eg vil
* Sørlandsenteret, Ikea og Dyreparken 5 min fra leiligheta

* Dronningen restaurant og dets nydelige mat og dessert (oppdaga den desverre litt for seint på året)
* Sjå "Friends"-episode saman med andre Friends-elskarar(og Ben&Jerrys elskarar vel og merke)
* Desse herlige folka:
* Å ha flyplassen 10 min unna
* Hamresanden
Ja, det var vel dei tinga eg kom på no ++
 Mens eg vart sitande å bla litt i bilda mine, so fann eg bilde ifrå eit rollebryllup som vi hadde på skulen.. Det er altså eit skikkelig rollespel, der kvar enkelt får utdelt ei rolle dei skal spele, der er både brudepar,vielse og fest, og moonge rare gjestar..
Gjett kven vi var....
Tarzan & Jane it is!
Eit veldig mørkt bilde, men det var berre så veldig situasjonsbilde at eg måtte ta det med! Monge spesielle gjestar som sagt..som spelte rollene sine veldig godt!haha;)
Kjærleiksgudinnen Afrodite og Askepott(om eg hugsar rett), og Tarzan som fann ein grasflekk nærme skogen!

Det var nokre få bilde, ein morsom kveld var det ihvertfall!
Ein får ikkje meir moro en man lagar sjølv!

Hadde nokre koselige daga siste veka på Ansgar, med grillkos, strand, avslutningskveldar og kos!




Vi har hatt eit herlig år på sørlandet, og gler oss til vi skal innom der på ferie seinare
No for tida kosar vi oss her i Ulsteinvik, med vår etterlengta digge sofa, fjell og sjø, litt sol og litt regn, familie og gode vennar, og tilbake i jobblivet! No er det 2 veke til vi skal på ein liten roadtrip-ferie! Det blir digg!

Klem

post signature

mandag 11. juni 2012

Ei lita oppdatering

Då er vi omsider på plass i Ulsteinvik i leiligheta vår, som vi leiger! Det har gått for det meste i ett etter avslutninga på Ansgar, og dette er fyrste gong eg faktisk har tid til å sette meg ned saman med Pc-en. Avslutningsdagen på Laurdag var kjekk og trist på same tid.  Vi viste også fram Danseforestillinga vår, til alle foreldre som var på besøk! Og hadde ein siste korkonsert ute. Alltid trist når ein innser at "dette er faktisk siste gong eg står å syng i det flotte koret her, saman med alle desse folka"! Men livet går vidare, og det skal samtidig verte godt å kome tilbake til det normale livet.
Eg og Rolfen kjørte til Eidsvoll etter avslutninga på Laurdag, og kl var vel rundt midnatt når vi kom oss avgårde. Søndag var vi i konfirmasjon til Johanne, i Eidsvoll.
Konfirmanten Johanne til høgre, saman med søstera Ragnhild. Det var ein veldig fin dag!

Mandagen brukte vi på å køyre til Horten og hente litt av flyttelasset vårt! Det har seg sånn at når vi skulle køyre alt heim i vår bil, så innsåg vi at vi rett og slett ikkje fekk plass til alt. Takka være nokre fantastiske folk som Jannicke(som har gått i musikklassa saman med Rolfen), og faren så ordna det seg veldig fint! Dei hadde plass, og tok med seg vårt pikkpakk heim til seg, så vi kunne hente det der istadenfor å køyre heilt til Kr.sand igjen..... Det redda oss virkelig! Så utruleg snille folk
Vi brukte ein og ein halv time dit ca, Jannicke hadde endå ikkje komt heim ifrå Ansgar, så vi måtte nesten sende ho eit bilde som bekrefta at vi hadde våre på "besøk"......
Du bur i eit veldig koselig hus Jannicke, og har ein utruleg hyggelig far!

Ellers så hadde min kjære svigerbror bursdag på Mandag! Han driv også å flyttar på seg for tida, så vi hjalp han litt med flyttelass til "Dokken". Han flyttar inn i barndomsheimen sin, som eg og Rolfen også budde fyrste året vi var gift
Må få skyte inn at det er eit rosa hus ♥

Tirsdag bestemte vi oss for å køyre heim til Ulsteinvik! Vi kom heim på ettermiddagen og hadde allereie besøk av mamma og systra mi Rita som hadde laga det koseleg til vi kom heim. Laga mat og tente lys i kvar ei krå. Det var monge som kom innom å ønskte oss velkomen heim(sysken og tantebarn), og hjalp oss å tøme bilen! Og det var deilig å få hjelp etter ein long kjøretur.

På Onsdagkveld hadde eg ein kjekk dansejobb, etter ein heil dag med utpakking og vasking. Det var Gudstjeneste på ei strand utpå Flø, i solnedgongen, og det var utruleg fint. Det var den perfekte scena å danse på, så fritt og med Guds nydelige natur rundt meg. Eg dansa til Kari Jobe - You Are For Me.
Måtte ta bilde av den vakre solnedgongen.

Der var rundt 200 stk.
Det var ein veldig fin opplevelse.

Ellers om dagen så går det i pakking og Rolfen har begynt i ny sommarjobb. Dagane går, og her vert stadig mindre med kasse.... Veldig koseleg å kome heim til vår eigen lisje "kåk".

No skal eg fortsette å styre litt, så du for ha ein fin dag vidare!




Klem
post signature

tirsdag 5. juni 2012

Bye bye to yesterday ♥

No er tida i Kristiansand forbi! Ansgar skuleår er over, og alle er på flyttefot vekk ifrå den lisje bobla som vi har budd i!
Trist er det alltid og avslutte noko som har våre så utruleg bra.. Men det betyr jo også ein start på noko nytt..


1 stk litt trist Miriam, når ho forlot leiligheita og Ansgar!

Takk til Kristiansand by og alt den hadde å by på! Kjem alltid til å være litt småforelska i den byen.. Og ikkje minst folka som gjor året til ein opplevelse i seg sjølv.

Eit "Ting-som-eg-kjem-til-å-savne-i-Kr.sand-by"-innlegg dukkar nok opp etterkvart! For det er ganske så mykje!

No har vi vore parkert i Eidsvoll sia Laurdagsnatt, og tek dei resterande 8 timane heim til Ulsteinvik imårga.
Håpe du tek godt imot oss igjen Ulsteinvik ♥

GOD NATT!




Klem
post signature