"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

torsdag 8. desember 2011

5 år ♥

Idag, 8.desember, er det 5 år sia eg blei ilag med verdens beste kar. Det fortjena et blogginnlegg! ;)
 I 2006, gjekk vi altså i klasse ilag på folkehøgskule, og vi blei fort veldig gode venna, og deretter kjærestar. Og det er det beste som nokon gong har skjedd meg

TAKK baby, for at du alltid er der for meg, for at du støttar meg, oppmuntrar meg, stadig overraska meg, og elskar meg! Eg veit virkelig ikkje kva eg skulle gjort her i livet utan deg. Du er min beste venn, og eg diggar å henge med deg, og bruke tid med deg. ♥ ♥ ♥

Eit lite bilderas, av oss 2! Det må til!



                                        Desse 2 rare bilda er frå nokre dagar etter vi blei saman! Fotogene til tusen!






                                        
                                                                                 Fyrste jula ilag -07


                                                                    Rolfen besøkte meg i Bergen!


                                                                   Bilde som vi brukte til bryllupsinvitasjon.






Idag hadde vi egentlig planlagt å stikke ut å ete, å kose oss litt ekstra, men heilt ærlig, så har vi vel knapt sett kvarandre idag... :p  Rolfen og musikk-klassa driv med forestilling som dei skal ha imårga, og eg har tilbrakt mesteparten av dagen i dansesalen. Men vi skal nok ta det igjen ♥

Eg er ihvertfall 1 stk heldig jente!! ♥

Gratulere med 5-års dagen kjære ♥


Elskar deg! ♥






post signature

tirsdag 6. desember 2011

Teikn på vinter?

Idag var det fyrste snøfall i Kristiansand by! Eg smilte då eg kom ut av døra og såg ein kvit veg

Tatt med mobilkamera.

Ellers nyt vi litt julekos i ny og ne, og gleder oss til juleferie ♥










post signature

søndag 4. desember 2011

Julebord med skulen

Aller fyrst.. Det er jo andre søndag i advent, så då må songen syngast og lysa tendast!
Det nærmar seg jul med stormskritt..Ikkje lenge igjen!    Glede!



                    





                        No tenner vi det andre lys,
                        dei står der stilt og skin.
                       Vi ventar på at Gud, vår Far,
                        vil sende Sonen sin.
Dagens luke i kalenderen frå svigermor var 2 kjekke blad. Et fotballblad til Rolfen og eit juleblad til meg som eg skal kose meg med idag 


Igårkveld var det julebord/grøtfest på skulen. Då var det på med finstasen, og det blei ein fin kveld med koselig selskap, fin underholdning og god stemning.
                                                                              
                                    På dette bilde frå venstre; Annbjørg, Elisabeth, Elisabeth, meg, Jannicke, Maria og Ane. Musikk og dansejenter:)
                                                                  Eg er rett og slett eldst OG minst 


Eg og Henning i klassa

Ane og Marianne ♥
                                                                                                                                                                       
                               






                     Eit bilde av oss til slutt ♥



                   Ha ein god Søndag!

Vi har kost oss og slappa av so longt idag, Rolfen skal ein tur ut å synge no, mens eg blir heime og får litt orden på julegavene. PLUSS at eg må bake brød! Her var plutselig tomt av alt som heiter rundstykke eller brød idag. Restepizza til frokost? Jada, det funkar det ein søndag i advent

fredag 2. desember 2011

Julekos i heimen



Bortskjemt av svigermor! Stor julekalender til meg og Rolfen ♥





Desse søte hjerta fekk vi i luke nr 2 i kalenderen frå svigermor! Kjempesøte :)



Denne ballerinaen sikla eg lenge etter på butikken Åhlèns, før eg endeleg kjøpte den.
Har no fått plass i vinduet. Søt liten sak

Idag har vi vaska og styrt her i leiligheta! Laga pizza, spist litt digg, og sett gullrekka på Tv! Herleg Fredagskveld.
No har eg berre ei bekymring, og det er tåa mi. Klarte å skade stortåa i dansetimen idag. Å det passa jo veldig dårlig. Har ikkje klart å stå på tå eller gått skikkelig med foten etter det skjedde. MEN, eg håper det går over no når det er helg og eg får kvilt meg litt!

Har DU adventskalender?
Evt. kva slags kalender?

GOD HELG ♥






post signature

tirsdag 29. november 2011

I helga har vi vært på Korturnè med skulekoret "Ansgar Gospel Choir". På Fredag var vi Drammen, Laurdag i Fredrikstad og Søndag i Larvik. Det var veldig kjekt, å det svinga i koret
Vi tok Moss-ferga, å der måtte vi opp på dekk for å få litt vind i fleisen. Deilig  og forfriskande var det!



Det var kjekt på tur, og eg gler meg til neste konsert vi skal ha!

Eg å Rolfen var på Coop Obs å handla ista. Og vi brukte sånn Coop-express shopping for fyrste gong. Det var veldi lettvint å greit, slepp å stå lenge i kø ;)
Vi går rundt med en egen scanner, og scanner varene etterkvart, å kan sette varene rett oppi posen, så fullføre på ei maskin ved kassene. Genialt. Eg likar Obs






post signature

søndag 27. november 2011

Første søndag i Advent


                                                          ♫
                                                                         No tenner vi det første lys,
                                                                         åleine må det stå.
                                                                         Vi ventar på det vesle barn
                                                                         i krybba lagt på strå.       
                                                                                                                          ♪


Juletid er skikkelig kosetid. Ingenting er så koslig som når det er jul. Ei stjerne hengande i vinduet, raude lys, julemusikk, julekaker, bake lefse attme mamma, pakke inn julegåver, nisselue, julefilmar, familietid, glede andre, feire at Jesus vart fødd, adventskalender og masse meir.



Håpe du har hatt ei fin helg!










post signature

torsdag 24. november 2011

Mens vi ventar på vinteren...





Har vi tent bål nede ved sjøen saman med gode venner.




Sett på at Hausten sakte men sikkert blir litt borte.



Spist litt chinamat attme Rolfen, digg ♥

Åso dagen der godteristopp ikkje funka lenger..... 1 veke igjen av stoppet å vi falt for fristelsen igår kveld. Jaja, sånn går jo dagane. GODT var det vertfall ☺






post signature

mandag 21. november 2011

Svigermor 50 år!

I helga var vi i Eidsvoll en tur. Svigermor vart 50 på søndag, så det måtte feirast :)


Flott svigermor, på Makedonia tur sommaren 2010!
Gratulerer med dagen

Ellers brukte vi Laurdagen på litt julegaveshopping i den fine butikken til svigerbror. Fin gavebutikk som heiter "Askeladden". Endar alltid med å kjøpe noko fint til oss sjøl også!
Der møtte vi også Andreas,ein kompis, som vi tok ein kaffe sammen med.


Vi begynte å kjøre heim til Kristiansand idag,Mandag i 11-tida på formiddagen. Kom heim halv 10 ikveld. Det inkluderar eit stopp på kjøpesenter, der vi fekk kjøpt julegåver (har monge å kjøpe til;), pluss at vi tok eit pitstop i Drammen, der vi møtte ein ny verdensborger.


Lille Noah Obedi kom til verden 11.11.11, og er son til vårt vennepar Benge & Ane.
Det var veldig koselig!
Gler oss til å treffe den skjønne familia igjen!

Imårga, trur eg at eg skal begynne å leite fram julepynt....glede ♥





post signature

torsdag 17. november 2011









post signature

Våre 2 sofakrokar

Eg var heime ein tur i helga, og då var eg innom leiligheta vår som fortsatt står der. Meininga er jo at vi skal tilbake til den etter dette året, så vi tok ikkje med oss altfor mykje heimafrå. Og når eg kom heim å såg den deilige sofakroken vår, ville eg berre sette meg ned og nyte det litt. Gler meg til å få bruke denne sofaen igjen vertfall!

                                                                               Vår sofakrok i år:

Fin og grei. Og billig ;) Vi ville ikkje bruke altfor masse pengar på møblar når vi egentlig har det vi treng heime. Men ikkje den diggaste sofaen å ligge i når du er sjuk, eller vil slenge deg ned å finne ei behagelig stilling å ligge/sitte i. Men vi klarar oss med denne eit år, trur eg...

Sofakroken vår ifjord, og som fortsatt står heime;

Saknar denne deilige sofakroken vår!


Ellers hadde eg ei kjekk helg heime! Var heime frå Torsdagkveld, til Mandag ettermiddag. Koste meg heime hos mamma. Ute å rangla kvar dag:) Rakk også å besøke alle mine herlige sysken.

2 nydelige tanteungar som eg var på kafè med:







post signature

søndag 6. november 2011

I Dansesalen

I det siste har eg brukt masse tid i dansesalen. Eg er så heldig at eg har full tilgong til salen når eg vil det året her, å det vil eg virkelig utnytte.
Har våre der monge gongar denne veka, å øvd teknikk, og friska opp igjen nokre dansar. Diggar når eg kan skru på musikken høgt og berre danse for meg sjølv. Og legge meg rett ut på gulvet når eg er dødssliten etterpå og ha på ein go`song å tøye ut etterpå.. #god følelse

Driv også å øva på ein av monge soloar som eg skal ha. Vi skal ha ei forestilling, der eg skal ha hovedrolla, så det synst eg er ganske spennande og utfordrande. spent!
Litt kjedelig med innlegg utan bilde, derfor:


Eg har,som eg skreiv i eit tidlegare innlegg, sydd tåspisskoa mine. Og no har eg endelig fått gått litt på dei også! Vondt i beina, men totally worth it!
Skal prøve å ta nokre betre bilde ved ei anna anledning, men prøvde å ta eit av meg sjølv, måtte då soklart halde meg fast i barren ;)


Har ikkje sydd på bånda enda, berre strikka.

Kjøpte nokre danse"sko" i New York, som eg testa ut her ein dag også. Dei var veldig digge. Anbefalar dei veldig om du likar å danse barbeint og endar som regel med å få monge brannsår og div. på beina, som meg sjølv.


No kan eg skli på foten foran o.l. utan brannsår. Hello new world.

Ellers her i Fredrik Fransonsvei, så har vi klart å begynne med julegaveshopping, og er veldig fornøgd med det! Har monge å kjøpe til, så eg treng tida. Men eg elskar det!
Så etter ein dag med julegaveshopping igår, så satt vi oss fint ned i eit kino-sete med ein stor popcorn og brus og kosa oss!

No har vi besøk av ein bergenser, og vi sit og ser Aafk - Brann kampen på Tv!

Heia Aafk!





post signature