"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

mandag 11. juni 2012

Ei lita oppdatering

Då er vi omsider på plass i Ulsteinvik i leiligheta vår, som vi leiger! Det har gått for det meste i ett etter avslutninga på Ansgar, og dette er fyrste gong eg faktisk har tid til å sette meg ned saman med Pc-en. Avslutningsdagen på Laurdag var kjekk og trist på same tid.  Vi viste også fram Danseforestillinga vår, til alle foreldre som var på besøk! Og hadde ein siste korkonsert ute. Alltid trist når ein innser at "dette er faktisk siste gong eg står å syng i det flotte koret her, saman med alle desse folka"! Men livet går vidare, og det skal samtidig verte godt å kome tilbake til det normale livet.
Eg og Rolfen kjørte til Eidsvoll etter avslutninga på Laurdag, og kl var vel rundt midnatt når vi kom oss avgårde. Søndag var vi i konfirmasjon til Johanne, i Eidsvoll.
Konfirmanten Johanne til høgre, saman med søstera Ragnhild. Det var ein veldig fin dag!

Mandagen brukte vi på å køyre til Horten og hente litt av flyttelasset vårt! Det har seg sånn at når vi skulle køyre alt heim i vår bil, så innsåg vi at vi rett og slett ikkje fekk plass til alt. Takka være nokre fantastiske folk som Jannicke(som har gått i musikklassa saman med Rolfen), og faren så ordna det seg veldig fint! Dei hadde plass, og tok med seg vårt pikkpakk heim til seg, så vi kunne hente det der istadenfor å køyre heilt til Kr.sand igjen..... Det redda oss virkelig! Så utruleg snille folk
Vi brukte ein og ein halv time dit ca, Jannicke hadde endå ikkje komt heim ifrå Ansgar, så vi måtte nesten sende ho eit bilde som bekrefta at vi hadde våre på "besøk"......
Du bur i eit veldig koselig hus Jannicke, og har ein utruleg hyggelig far!

Ellers så hadde min kjære svigerbror bursdag på Mandag! Han driv også å flyttar på seg for tida, så vi hjalp han litt med flyttelass til "Dokken". Han flyttar inn i barndomsheimen sin, som eg og Rolfen også budde fyrste året vi var gift
Må få skyte inn at det er eit rosa hus ♥

Tirsdag bestemte vi oss for å køyre heim til Ulsteinvik! Vi kom heim på ettermiddagen og hadde allereie besøk av mamma og systra mi Rita som hadde laga det koseleg til vi kom heim. Laga mat og tente lys i kvar ei krå. Det var monge som kom innom å ønskte oss velkomen heim(sysken og tantebarn), og hjalp oss å tøme bilen! Og det var deilig å få hjelp etter ein long kjøretur.

På Onsdagkveld hadde eg ein kjekk dansejobb, etter ein heil dag med utpakking og vasking. Det var Gudstjeneste på ei strand utpå Flø, i solnedgongen, og det var utruleg fint. Det var den perfekte scena å danse på, så fritt og med Guds nydelige natur rundt meg. Eg dansa til Kari Jobe - You Are For Me.
Måtte ta bilde av den vakre solnedgongen.

Der var rundt 200 stk.
Det var ein veldig fin opplevelse.

Ellers om dagen så går det i pakking og Rolfen har begynt i ny sommarjobb. Dagane går, og her vert stadig mindre med kasse.... Veldig koseleg å kome heim til vår eigen lisje "kåk".

No skal eg fortsette å styre litt, så du for ha ein fin dag vidare!




Klem
post signature

4 kommentarer:

  1. Det er så koselig å lese på bloggen, Miriam:-) Koser meg!!! Nå har jeg hørt på You Are For Me på repeat et par ganger her, hihi..:P Nydelig..<3 Den "får en til å fly", som man sier på gassisk..:-)Hils mannen:-)Kos dere hjemme! Guds fred. Go' klem fra Marte

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Marte! Så koselig å høre:) Ja, d e en veldi fin song, nydelig! Håpe du he d bra!:) klemmer

      Slett
  2. Jannicke Isadora11. juni 2012 kl. 18:18

    Det var bare hyggelig å kunne hjelpe! Tusen takk for et fint år, og for å ha blitt kjent med deg! Regner med vi treffes igjen! ;D

    SvarSlett
    Svar
    1. :) takk d samme Jannicke:) <3 d gjer vi nok!

      Slett