"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

tirsdag 17. januar 2012

Kjekt med besøk!

Vi har hatt litt besøk i det siste! Bror var her en tur før dei reiste på tur, og han hadde bursdag den 10.jan! Gratulere so masse me dagen som var kjære bror
Planen var egentlig å stå opp å vekke han med frokost og bursdagssong! Men både eg og Rolfen forsov oss til skulen, og det enda med at bror sto opp før oss! hehe.. MEN vi song bursdagssongen og hadde gåve! Så laga Rolfen digg frokost til oss! :)

Rolfen og bror Fred-Michael

Seinare på dagen drog vi på Kino saman med ein kompis til bror,og dama, Torgeir og Hilde. Vi såg "New Years Eve", og eg synst faktisk den var ganske bra! Mykje betre enn "Valentines Day"! Den var jo veldig skuffande! Så enda vi opp heime hos oss og spelte UNO-kortsepel resten av kvelden. Taco åt vi også og eg laga ein god Milkshake til dessert. Oppskrift frå ein blogg eg les: http://www.frumaela.com/2011/02/fru-mlas-milkshake.html 

Gutta reiste jo til New Orleans 12.Januar, og då fekk eg nytt besøk! Mamma og systra mi, Rita, og tanteungen min kom ein tur! Vi har berre kost oss, eg har vist dei litt av byen, og tatt dei med til Sørlandssenteret, dei har vore med å sett når vi har opptrådd med danseklassa og vi har kost oss her i leiligheta.

Mamma, Rita og 1 1/2 år gamle Angela-Zoè
Laurdag etter ein bytur, drog vi heim og laga pizza! Og Ben&Jerrys is til dessert! 


Vi gjekk ein tur på "Utsikten", og ei runde rundt området.










Idag reiste Rita og lisjehjertet heim, så inatt blir det tomt i senga mi, etter å hatt ein liten skatt i armkroken kvar natt :) hehe, kosleg med besøk ♥
Mammsen er her fortsatt, og akkurat no sit vi å ler oss ihjel fordi mamma skvatt so veldig då ho fekk melding! haha, morsomt å ha mor på besøk! :)



Klem
post signature

3 kommentarer:

  1. Åå, kor kosli!! Savna dåkke!! ps. søte du e, Bekka <3

    SvarSlett
  2. Ej me vil vere der!:( Kjempekoselig å sjå/lese. ;)

    SvarSlett