"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

søndag 6. november 2011

I Dansesalen

I det siste har eg brukt masse tid i dansesalen. Eg er så heldig at eg har full tilgong til salen når eg vil det året her, å det vil eg virkelig utnytte.
Har våre der monge gongar denne veka, å øvd teknikk, og friska opp igjen nokre dansar. Diggar når eg kan skru på musikken høgt og berre danse for meg sjølv. Og legge meg rett ut på gulvet når eg er dødssliten etterpå og ha på ein go`song å tøye ut etterpå.. #god følelse

Driv også å øva på ein av monge soloar som eg skal ha. Vi skal ha ei forestilling, der eg skal ha hovedrolla, så det synst eg er ganske spennande og utfordrande. spent!
Litt kjedelig med innlegg utan bilde, derfor:


Eg har,som eg skreiv i eit tidlegare innlegg, sydd tåspisskoa mine. Og no har eg endelig fått gått litt på dei også! Vondt i beina, men totally worth it!
Skal prøve å ta nokre betre bilde ved ei anna anledning, men prøvde å ta eit av meg sjølv, måtte då soklart halde meg fast i barren ;)


Har ikkje sydd på bånda enda, berre strikka.

Kjøpte nokre danse"sko" i New York, som eg testa ut her ein dag også. Dei var veldig digge. Anbefalar dei veldig om du likar å danse barbeint og endar som regel med å få monge brannsår og div. på beina, som meg sjølv.


No kan eg skli på foten foran o.l. utan brannsår. Hello new world.

Ellers her i Fredrik Fransonsvei, så har vi klart å begynne med julegaveshopping, og er veldig fornøgd med det! Har monge å kjøpe til, så eg treng tida. Men eg elskar det!
Så etter ein dag med julegaveshopping igår, så satt vi oss fint ned i eit kino-sete med ein stor popcorn og brus og kosa oss!

No har vi besøk av ein bergenser, og vi sit og ser Aafk - Brann kampen på Tv!

Heia Aafk!





post signature

1 kommentar:

  1. Skal du ha hovedrolla alså?! So kult da!! Det hekje ej fått med mej! Håpe virkelig vi fe oppleve det her oppe også!;) Må vær forsiktig med leggane no, då! Lav u <3 Miss u <3

    SvarSlett