"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

fredag 4. mai 2012

Heime ein tur ♥

Forrige helg var vi heime ein tur, med flyttelass. Vi fekk besøk av svigermor,svigerfar og ("svigerbror")Matin! Dei kom på fredagskveld, og vi pakka rett uti bilen. Det blei ein stk full varebil, pluss vår bil som også vart ganske full til slutt. Laurdag begynte vi den longe kjøreturen mot Ulsteinvik.
Dagen vi kom var det sjølvsagt meldt snøv! Så det var litt spennande å sku kjøre over fjell med sommardekk. Men det var ikkje så ille, på Bjorli snøva det litt, og det låg litt slaps på veien ved Ålesund, men det gjekk veldig fint!
Men Søndagen var det strålande sol og blå himmel! Vi var i Torvika med eine systra mi og familia på middag, og det var deilig å site ute å ete! Snaaart sommar.....

Svigermor Randi og Angela-Zoè på bilde til høgre
3 stk av mine skjønne tanteungar!
        Eg skulle bevise at JA, det går and å gå på stylter med høghela sko!           Min tøffe nevø, Dan-Philip

Heime med mamma ♥
Måtte innom Kaffikari og ha kake og kaffe! Veldig koselig kafè i Ulsteinvik.
Rolfen hadde bursdag 2.Mai, så vi overraska han heime med selskap,30.April. Vi var ute å åt middag, og når vi då kom heim til mamma så var heile familia der,dei spratt fram ifrå forskjellige rom å song bursdagssongen så det ljoma etter! Det var stas, og det var fullt hus og kaker og godt til utover kvelden.

Tirsdagsmorgen, som var 1.Mai og ein fridag sto vi opp kl 7 og begynte på turen heim til Kristiansand! Nydelig vær og litt for varmt i bilen!
Energidrikk måtte til! Eg sov for det meste til Åndalsnes, men resten så klarte eg nokon lunde å holde meg våken! Stakkars Rolfen :P  hehe...Vi stoppa å åt is å tok nokre pause underveis, og brukte 8 timar til Eidsvoll. Der tok vi ei pause, før vi kjørte dei siste 4-5 timane til Kristiansand. Puuh!
Det som er litt kjipt på sånne longe turar, er at, eg kan ikkje lese i bil, eg vert kvalm berre eg ser for lenge på mobilen. Og når eg då berre sit rett opp å ned i so monge timar, har eg ein tendens til å verte ALTfor trøtt! Prøvar så hardt eg kan å holde meg våken så Rolfen har selskap! Og eg har begynt å verte ganske flink på det no etterkvart!:p  
*Alle bilda er tatt med mobilkamera*
Vi var jo sjølvsagt så heldige at bilen vår streika litt underveis. Når vi var komne forbi Porsgrunn, og vi skulle stoppe å fylle bensin. I det vi kjører av veien, så ser eg plutselig røyk som kjem frå panseret. Vi rekk å parkere ved bensinstasjonen, og når vi stoppa og gjekk ut, så var det berre ei stor røyksky rundt heile bilen! Vi fekk opna panseret, også kjem det ein hyggelig mann bort å hjelper oss. Uten å nøle, så tek han opp telefonen sin og ringer sonen og får han til å komme å hjelpe oss! Han er hobbymekaniker. Så vi ventar i 20 minutt, så kjem det nokon å skifta det vannrøret som var sprukket og hjalp oss på veg igjen. Makan til hyggelige folk! Så takka være gode folk på rett plass til rett tid, så kom vi oss omsider heilt heim.. No har bilen lovt å ikkje tulle meir, så vi for berre sjå korr det går..

No om dagen så er det eit fantastisk vær her i Kristiansand! Digg! Kjenne eg er på gråten når eg høyrer det er meldt SNØ igjen! Det skal vær vår og sommar no
 Ellers så er her ekko i leiligheta vår om dagen, ganske masse tommare! Kan ta nokre bilde til neste innlegg :)



Klem
post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar