"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

mandag 21. mai 2012

17.Mai og Gudbrandsdalbunad!

17.Mai kom - og for, ganske så kjapt. Sola skein, vinden blåste og det var kaldt og varmt om kvarandre. Vi begynte dagen med å gå i gudstjeneste i Domkirka kl 11,saman med ein liten gjeng. Kl 13.00, hadde vi ein liten korkonsert ned ved sjøen, Tresset.  Etter det kom det litt duskregn og eg å Rolfen smatt oss inn på ein liten koseleg restaurant. Der åt vi pizza og slappa litt av og eg fekk litt varmen i meg! Vi hadde endå ikkje ete is, å kjente at det var litt krise. Så sjølv om vi var litt småfrosne, stakk vi på Mcdonalds å tok oss ein Mcflurry! NAM! Det er jo 17.Mai berre ein gong i året, og det er god grunn til å få ete is på dei raraste tidspunkt! Etter isen, så skein sola litt, og vi sto i gågata ei stund å fekk god og varm sol på oss!

Neste som skjedde var kl 16.00, då var det borgartog. Og vi gjekk saman med skulen under ei fane som heitte "Saman for Norge" eller noko lignande.. Trur det var litt blanding av forskjellige menigheter som var der. Foran oss kjørte ein lastebil med eit lovsongsteam på, som spelte lovsongar og laga liv! Det vart eit svæært tog, og alle song med og det var fullt av God stemning i toget! Kulaste 17.mai-toget eg nokon gong har gått i!

Vi hadde på oss finstasen og sånn såg vi ut:
Det var fyrste gong eg hadde på meg bunad på ein 17.Mai. Og det kan eg godt venne meg til kjente eg!

Litt av toget ser du på bilde til venstre!
HippHipp Hurra!!
Stor stemning!
Bunaden eg har på er Gudbrandsdal festdrakt, og den er sydd av Rolfens oldemor! Grunnen til at det nettopp er denne bunaden er fordi når den vart lagd, så var det ingen regel om at man måtte ha tilhørighet til stedet der bunaden kom ifrå! Så då vart det Gudbrandsbunad rett å slett fordi det var denne Rolfens oldemor synst var finast! Ho likte så godt blomstane på den, og den er jo veldig fin! Men familia ser på denne bunaden som ein familiebunad no fordi den har gått på rundgong i familia i fleire år.
Litt bilde måtte det jo verte! Det er lov å vise seg fram når ein har på ein sånn fin kjole!sant,vel?


Kjekkasen min! Haha, vi måtte LE når vi kom på at vi faktisk glømte å ha på oss 17.Mai-sløyfe i år!!
Vi som har Eidsvollbygning-sløyfe å greier! hihih......
Bra det kjem fleire 17.mai!

Det vart grilling på skulen på kvelden. Og i halv 11 tida drog eg,Anna,Elisabeth og Kjell Tore ein tur inn til byen. Då skulle det være "Tapto" (har fortsatt ikkje forstått heilt kva dette er......) Men vertfall så spring dei ned igjennom Markens,som er gågata her i Kristiansand. Det vert avsutta med eit heftig fyrverkeri nede ved sjøen! Deretter drog vi ein tur på tivoli!

*mobilbilde*
Eg og desse 2 skjønne jentene bestemte oss for å brenne av ein heil 50 lapp for EIN stk billett på tivoli! Sjokktilstand når vi såg kva det kosta, men ein tur med "koppane" blei det likavel! Og eg og Elisabeth hadde latterkrampe nesten gjennom heile turen, mens Anna holdt seg litt meir fast;) hihi, det var kjempekos!


Sorry desse bilda med dårlig kvalitet, men Htc har ikkje det beste mobilkameraet!

Det vart ein super dag, og ein helgetur til Tønsberg rett etterpå var heller ikkje feil!
Vi var bl.a på loppis, og eg fekk gjort eit lite kupp som eg er ganske fornøgd med!
Smakebit..




Eg har hatt ei herleg helg i Tønsberg med jentene, og det gjekk alt for fort!
Kom heim til min kjære som laga digg biffmiddag til meg!
Takknemlig ♥






Klem
post signature

1 kommentar:

  1. Flotte dokke va! - Men det e klart at du burde hatt sunnmørsbunad. ;) Neste gong!?
    Love frå oss

    SvarSlett