"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

fredag 25. mai 2012

Jentehelg i Tønsberg!

I helga som var, altså 18-20 Mai var eg ein tur i Tønsberg å besøkte Maria. Kjersti kom også frå Drammen, og vi fekk endeleg tid til ei helg ilag. Ei lita helg er ALTfor kort tid, men vi koste oss veldig så lenge det varte!
Desse skjønne jentene hadde eg ei helg saman med! Maria til venstre, og Kjersti

Fredag bestilte vi oss Pizza, å koste oss foran tv-en. Og jentene fekk sitt fyrste møte med "Ben&Jerrys" is! NAm

Har du ikkje smakt denne isen endå, så må du berre henge i! Den er verdt dei 65 (!) kronene.... Cookie Dough er den beste, synst vi!
Maria er den av venninnene mine som har mest voksenpoeng så langt!hehe..
Gift og har ein herleg liten gutt, som eg helste på for fyrste gong denne helga! Pluss at ho er gravid igjen! Stas!!

Denne guten var eit sjarmtroll uten like, og navnet er Leon Kornelius☺Vi fekk god kontakt, og eg gler meg til å møte han igjen!
På bilde til venstre er det Frode, som er gift med Maria☺

På Laurdag var vi ein tur i byn og gjekk på vindus-shopping. Kvelden gjekk ut på å ete Taco, digg, også koste vi oss med video-opptak ifrå året vårt på Team Action! Det var utruleg koseleg å sjå tilbake på folkehøgskule-året vårt. Alt vi opplevde saman! Herleg ♥
Søndag kom altfor brått, og vi kunne godt hatt lengre tid ilag. Men vi utnytta den vertfall godt før vi måtte reise igjen. Vi gjekk på eit loppemarked bl.a, og eg var fast bestemt på å ikkje finne meg noko.
MEN sjølvsagt fann eg meg nåke som eg hadde lyst på! Plutseleg der, rett foran meg, stod 2 stk gamle fine koffertar! Eg har hatt lyst på nokre sånne ei stund, berre til pynting egentlig. Inspirasjon ifrå interiør-magasin. Så eg måtte jo spørre kva dei skulle ha for dei 2. Og jauda, dei skulle ikkje ha meir enn 30 kr, for begge to... Å det klare ikkje denne jenta å gå ifrå veit du..! Så heim til Rolfen kom eg med to gamle koffertar!
Kjersti fann også nokre nydelige mocca-koppar som ho kjøpte. Så vi var ganske fornøgd med kuppet vårt

Vi tok også ein photoshoot, noko som vi som regel alltid endar opp med å gjer! Gode minner og koselige bilde. Tenkte eg skulle dele nåken av dei. Det kjem i neste innlegg!

No har vi komne heim ifrå rollebryllup her på skulen, og det var ganske så festleg! Eg og Rolfen var eit jungel-par og du kan jo gjette kven.... Det kjem vel kanskje ut nokre bilde av det også etterkvart.. Artig kveld var det vertfall! Og eg og nokre jente avslutta heile dagen med eit bad ned i sjøen, og det var utruleg digg! Elskar temperaturen om dagen! Idyll her i Kristiansand på høgt nivå!!

God natt godt folk!



Klem

post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar