"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

fredag 27. april 2012

Sånn går no dagane ;)

Vi er i full gong med pakking om dagen, og her er ikkje så altfor kosleg i denne lisje leiligheta no når det står kasse overalt. Men det må til, og vi skal nok få det greit koselig etter dette fyrste flyttelasset er kjørt også! Svigerforeldra mine kjem nemlig på besøk idag, og i helga skal vi kjøre til Sunnmøre med eit flyttelass. Vi flyttar ikkje før siste helga i Mai, men det nærmar seg altfor fort, og dette var den helga vi kunne få det til.

Kaos, altså! Ikkje er det så greit når en finn ut at ein skal ta ein skikkelig klesvask midt inn i alt heller! Menmen, noværande tidspunkt så er tørkestativa vekk, kleda er tørka, kassene står stabla, og koffertar er pakka, men fortsatt ligg det ting..overalt egentlig..

På Tirsdag skulle vi ein tur på Sørlandsenteret for å handle inn mat og kjøpe bursdagsgåver til to av mine søte små nieser. Bilen nekta å starte..Der var faktisk ikkje litt liv eingong. Vi fekk tak i startkablar og omsider starta bilen. Vi kjørte avgårde, og i fyrste kryss slo han seg av igjen! Vi måtte dermed skubbe den av veien! Jada,mykje styr.. Vi fekk ringe Falcken, og han hjalp oss i gong..Kjørte vidare, og deretter stoppa den i fyrste rundkjøring gjen.... Vi ringte Falcken,så heldigvis ikkje var komen altfor longt, og han kjørte bilen til Mekonomen, og oss til Burger King! Svoltne vart vi av heile greia.

Well, there`s a first time for everything, right?

Så bortsett frå litt kaos i kvardagen, så hadde eg ein altfor koselig kveld saman med danseklassa igår! Vi var i Vennesla hos Annbjørg, og der fekk vi mat og snack og is, og vart skikkelig bortskjemd!

Stas! ♥



Vi storkosa oss! Finaste danseklassa! ♥

Vel, no er det tilbake til pakkinga, før vi skal på skulen å ha øving med Ansgar Gospel Choir, også skal vi pakke litt til, så ein tur til byn å kjøpe dei gåvene som vi aldri fekk kjøpt på Tirsdag, for no er bilen i god form igjen! Takk å lov!
Vi gler oss til besøk ikveld, og imårga venta ein long kjøretur!


Klem
post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar