"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

mandag 9. april 2012

Påskeleir 2012

Frå Fredag 30.mars - Onsdag 4.April var vi på Hafjell og var ledarar på leir. Tidenes leir!
Der samlast 130 ungdomar inkludert ledarar og har nokre fantastiske dagar saman. Vi står på ski, spelar spel,får venner for livet, er med på aktivitetar, har møte, badar i bassenget, et masse god mat, og har det veldig fint saman. Det er eit av høgdepunkta i løpet av året, og eg trur denne leiren er like kjekk for oss ledarane, som deltakarane. Det er nemlig her vi endeleg har tid og muligheit til å få henge skikkelig saman og bruke tid med kvarandre, sidan resten av året nærmast går så i ett med all utdanning,jobb og sakar og ting som skjer i livet. Så denne leiren trur eg vi alle sett veldig høgt i prioriteringslista og gler oss alltid til når det nærmar seg! Og det er veldig stas!

 I år på leiren hadde vi bl.a "Leirens sterkeste" både gutt og jente.  Og siste øvelsen var å trekke ein bil på 1,1 tonn. Eg klarar ikkje å dy meg, og legg ut nokre bilde av denne hendelsen.

Rolfen var sjølvutnevnt Rodeo-klovn og lagde bra med liv i publikum. Vi heia og jubla og sendte bølga avgårde fleire gongar! Christina på bilde til høgre er dama som drog oss igjennom alle dei tunge øvelsane, i kampen om å bli "Leirens sterkaste" Personlig trenar, sterk og sporty som få er ho den perfekte i å drage i gong sånne konkurransar. Kulaste dama i byn! (bur i oslo,status: JA,singel!) hihi;)
Vi hadde også gleda av å tilbringe nokre dagar saman med desse herlige folka. Ane, lille Noah Obedi og Benge.
På bilde til høgre har vi Benge som akkurat hadde tatt seieren av bildraginga på 20 meter på 14,1 sekund og drog avgårde med 1.plassen.
Matin var med på leiken og drog bilen!
Vi er også ein god gjeng som har lovsongen på møta, og det er like kjekt kvart år og spele og synge saman med så monge bra og flinke folk. Mathias på bilde til venstre er ein av dei!
Så fekk jo vi låne Noah Obedi litt innimellom da ♥
Ein herleg liten skatt som vi er blitt veldig glade i!

Når leiren var over, og vi var over og ut, så drog vi til Eidsvoll til svigers og pusta ut nokre dagar :)
Og då vart det også Sverige-tur.. Ein vert jo fort rastlaus også om ein berre skal ligge på sofaen altfor lenge ;)

Vi hadde også ein veldig koseleg kveld hos Mathias ein av dagane, saman med ein gjeng. Det var veldig koseleg! Åt pizza, spelte ligretto, praten gjekk og vi koste oss!

På Laurdag kjørte eg og Rolfen heim til Kristiansand. Vi stoppa i Oslo hos Christina og hong litt der saman med ein gjeng før vi kjørte vidare!
Sett pris på livet og gode venner!

Alt i alt har vi hatt ein god ferie. Og vi har enda ein deilig fridag foran oss, før skulen byrjar på Onsdag! Glede!





Klem
post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar