"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

søndag 22. april 2012

Pakkinga er starta..

Det har vore stille på bloggfronten frå meg i det siste. Men her kjem eit innlegg om kva som skjer i vår kvardag for tida.

Eg har hatt den store gleda av å få være vikarlærer i dans fleire plassar i det siste. Det har vore kjekt og lærerikt, og eg kjenner at eg har gått av å utfordre meg sjølv litt på sånne punkt.
Eg har vore vikar på Ansgarskulen som eg går på, på danselinja, som eg sjølv går på vel og merke! Og dette syntest eg var litt rart i begynnelsen, men veldig kjekt og lærerikt! Eg er jo eldre enn dei, og har mykje danseerfaring bak meg, so då eg fekk spørsmålet, turte eg tilslutt og takke ja.I denne herlige gjengen er det nesten ingen av dei som har dansa så veldig mykje før, og eg frydar meg når eg ser korr mykje dei utviklar seg på det året her, og kor flinke dei er! Eg vert rett og slett veldig glad!☺
Det som er så kjekt,er at eg kjenner jo denne klassa veldig godt, og veit kva dei kan strekke seg til,og kva vi kan jobbe med. Og lære dei forskjellige stilartar som dei aldri har dansa før, og gå gjennom ein del teknikk.
Eg elskar å lære dei nye ting, og sjå dei prøve seg fram, og klare det! Dansetimane med desse gode vennane, er dei kjekkaste!

Eg har også vore vikar på Kristiansand kulturskule, og hatt 3 gruppe der. I alderen 8-17 år, i jazz. Pluss at eg har hatt nokre vikartimar hos Spinn Dansestudio her i Kr.sand i Hiphop, 3 klasse frå 8år og oppover.

Eg vert veldig inspirert av danseelevar som eg har, og det er ei stor glede!

Bilde ifrå ei av klassene eg hadde på Ansgar:

Bilda er tatt av Henning Bjørnstad, som også går i klassa ☺

Ellers, så har vi begynt med nedpakking, sidan vi skal køyre fyrste flyttelass til helga. Eg mislikar sterkt å pakke og er egentlig ganske dårleg på det. Men Rolfen har vore flink å klart å drage oss i gong. Han har egentlig prøvd å få meg med heile veka, men idag klarte vi faktisk å begynne.
Det vert veldig godt å kåme heim, samtidig så er jo det litt trist å skal flytte ifrå Kristiansand også. Vi likar oss veldig godt her. Elskar å bu rett ved byen, å ha Sørlandssenteret nokre minutt unna, og kunne gå på danseklasse og bruke masse tid på dans, og å gå i tidenes gospel kor! Og selvfølgelig ha venner som bur rett rundt hjørnet.

Sånn ser det vertfall ut her om dagen:

No har vi klart å legge alt i kasse, og plassert dei på ein plass, så vi slepp å bu i totalt kaos resten av veka. Har fortsatt litt til å pakke. Det tek si tid, og vi er ikkje dei mest effektive kanskje!
Idag bestilte vi Pizzabakeren pizza, og det synest eg var på sin plass idag!:)

Nam!☺

Rolfen og musikklassa har den siste veka spelt inn CD. Ein Cd med alle Ansgar Gospel Choir-songane som vi har hatt dette året her. Den trur eg vert veldig bra, og er verdt å ha i samlinga si ;)
Du kan gå på Facebook og søke på Ansgar Gospel Choir og Ansgarskolen, så ligg der ein del info og bilder av både innspeling og diverse.

Ha ein fin kveld/natt vidare ♥



Klem
post signature

2 kommentarer:

  1. Fru Knotten Torvik23. april 2012 kl. 15:44

    Kjekt å pakke, det går som en leik! ;) Vi gler oss veldig til å få dåkke heimatt!! He du sjekka jobb på kulturskulane her heime? Du må gjer ka du kan for å få fortsette å danse so masse som råd! ;)

    SvarSlett
  2. Vi vil veldig gjerne ha deg med i stiletten i allefall :-) Kjekt at du snart kjøme heimatt !!

    SvarSlett