"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

fredag 30. desember 2011

Glimt frå jul

Julafta i år vart feira i Eidsvoll, hos svigers :) Her kjem bilde ifrå kvelden



                                                                                     Eg og kjekkasen min!

                                                                                       Det festpynta bordet til svigermor Randi ♥

                Vi skulle ta familiebilete, og prøvde å få med pusen, som er eit kjært familiemedlem, men den nekta plent.
                                        Frå venstre:Svigerfar Magnar, Matin, Svigermor Randi, Rolfen, meg, Svigerbror Lars Kristian og "morfar" Reidar.


Matin er det nye familiemedlemmet i familien Tømte. Han flytta inn hos svigers i begynnelsen av Desember, og er Rolfens nye bror :) Han er 14 år, og er ein veldig koselig kar,som vi vert stadig bedre kjent med! (han klagar litt på at eg skriv bloggen min på nynorsk/dialekt då men, hehe.. ;)

                                                                                 Lars Kristian og Magnar



Eg reiste heim til ho mor 2.juledag. Då var det selvfølgelig storm og litt av kvart og eg kjende eg grua meg til å fly. det vart ikkje ein kjekk flygetur for å sei det sånn, men landa gjorde eg og takk og lov for det! :)  Då eg trudde eg måtte ta båten å verte båtsjuk også, så plutselig dukka ein av mine brødre opp på flyplassen og henta meg. Eg vart så glad!!
Stormen Dagmar var ikkje ferdig, og heime var straumen vekk og huset var fullt av levande lys. Det var rett koselig og vi brukte tida til å spele spel, og kose oss. begge systrene mine med familie var heime med mamma når eg kom:)

                                                                          Levande lys lyste opp heile huset!


Juleselskap har det også vore, bort i Torvik med systra mi. Masse kjekke folk, som gjer juletida perfekt ♥

Rebekka og Julie, to av mine nieser.

Storebror Sverre og mamma Evelyn ♥





                                                                      Den minste av mine nieser, vakre Angela-Zoè

                                                                          Bror er inni Unokort-verden.

Og alle har vel fått med seg korleis Orkanen Dagmar herja, det vart ei vindfull jul, og ho ødela ganske mykje. Her rundt om er det trea som ligg, og nokre takstein som har forsvunne på nabohuset bl.a.
Eit av moonge tre som ligg rundt om korr du enn køyrer her rundt om, etter Dagmars naturkrefter:


Alt i alt har vi hatt ei flott jul i år og! Og kost oss med familie og venner.
Eg har vore på 10-års reunion med konfirmantklassa mi på ungdomskulen, og det var kjempe kjekt! Har desverre ingen bilde frå kvelden, men det var kjekt å sjå igjen alle, og verte litt oppdatert på kvarandres liv. Rart at det allereie er gått 10 år! Når vi møttast følte eg meg som tilbake på ungdomskulen. hehe..

Håpar at DU har kost deg i juletida ♥

Fortsatt God Jul, og Godt Nyttår!!☺










post signature

2 kommentarer:

  1. Kor koseleg å sjå! Saknar deg allereie. ;) Kos deg resten av dagane med di kjære svigerfamilie og sjarmren! Love frå oss <3

    SvarSlett
  2. Åå, so masse fine bilde!! Kjempekosli og stemningsfollt!! Lav u, siss <3 og gler mej til neste veke! ;)

    SvarSlett