"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

tirsdag 27. mars 2012

Ansgar Gospel Choir - On Tour!

Då var vi heime i Kristiansand og på Ansgarskulen etter 10 dagar fyllt med busskjøring, mat, snop, fergeturar, natur, musikk, song, dans, gode venner, nye venner, soving på luftmadrass, glede og mykje meir! Vi har hatt 9 konsertar og 4 danseforestillingar! Herleg tur, herleg gjeng og fantastiske vestlandet! Ein vert sjølvsagt sliten etter ein sånn tur, men det ein sit igjen med er alt det kjekke og positive

Det vakre vestlandet, i solskinnsvær er berre nydeleg! Og ein kan jo miste pusten av mindre! Tok nokre bilde, alle tatt med mobilkamera.

Vikafjellet!

Rolfen, Jonas og Kjell-Tore! Kjekke folk!


Voss, hadde eg vore rik, trur eg at vi hadde hatt ei hytte der!


På bilde til venstre, er bussturen i Hardangerfjorden, og til høgre er vi komne til Norheimsund. Der besøkte vi Framnes vidaregåande skule, med både konsert og forestilling!



Ikkje mindre enn 12 fergeturar på turnèen. Svele er godt!..med sukker!

Henning og Ane frå klassa mi

Bildet til venstre vart litt megalyst, men dei som er avbilda er så herlege at eg berre måtte legge det ut! Sunniva og kordirigent "Syver"!

Solskinnsdagar med is er ikkje feil! Marianne og Glenn på bilde til høgre :) supre menneske!

2 stk kjekke karar til venstre! Aleksander (miljøarbeider) og Jonas frå klassa til Rolfen! Og 2 skjønne jenter; Lovise og Inger  

Alt i alt ein fantastisk tur!
Kjem til å savne det koret når vi sluttar. Kjekt med skikkeleg gospelstemning!
Om du var på ein av konsertane vår, så hadde det vore kjekt å høyre om du likte det
Danseforestillingane vår gjekk også bra, og vi fekk monge gode tilbakemeldingar. Vi fekk filma og tatt ein del bilde av desse, så kanskje eg får tak i nokren bilde eg kan legge ut etterkvart.

Takk for ein flott tur AGC! ☺





post signature

1 kommentar: