"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

fredag 30. desember 2011

Glimt frå jul

Julafta i år vart feira i Eidsvoll, hos svigers :) Her kjem bilde ifrå kvelden



                                                                                     Eg og kjekkasen min!

                                                                                       Det festpynta bordet til svigermor Randi ♥

                Vi skulle ta familiebilete, og prøvde å få med pusen, som er eit kjært familiemedlem, men den nekta plent.
                                        Frå venstre:Svigerfar Magnar, Matin, Svigermor Randi, Rolfen, meg, Svigerbror Lars Kristian og "morfar" Reidar.


Matin er det nye familiemedlemmet i familien Tømte. Han flytta inn hos svigers i begynnelsen av Desember, og er Rolfens nye bror :) Han er 14 år, og er ein veldig koselig kar,som vi vert stadig bedre kjent med! (han klagar litt på at eg skriv bloggen min på nynorsk/dialekt då men, hehe.. ;)

                                                                                 Lars Kristian og Magnar



Eg reiste heim til ho mor 2.juledag. Då var det selvfølgelig storm og litt av kvart og eg kjende eg grua meg til å fly. det vart ikkje ein kjekk flygetur for å sei det sånn, men landa gjorde eg og takk og lov for det! :)  Då eg trudde eg måtte ta båten å verte båtsjuk også, så plutselig dukka ein av mine brødre opp på flyplassen og henta meg. Eg vart så glad!!
Stormen Dagmar var ikkje ferdig, og heime var straumen vekk og huset var fullt av levande lys. Det var rett koselig og vi brukte tida til å spele spel, og kose oss. begge systrene mine med familie var heime med mamma når eg kom:)

                                                                          Levande lys lyste opp heile huset!


Juleselskap har det også vore, bort i Torvik med systra mi. Masse kjekke folk, som gjer juletida perfekt ♥

Rebekka og Julie, to av mine nieser.

Storebror Sverre og mamma Evelyn ♥





                                                                      Den minste av mine nieser, vakre Angela-Zoè

                                                                          Bror er inni Unokort-verden.

Og alle har vel fått med seg korleis Orkanen Dagmar herja, det vart ei vindfull jul, og ho ødela ganske mykje. Her rundt om er det trea som ligg, og nokre takstein som har forsvunne på nabohuset bl.a.
Eit av moonge tre som ligg rundt om korr du enn køyrer her rundt om, etter Dagmars naturkrefter:


Alt i alt har vi hatt ei flott jul i år og! Og kost oss med familie og venner.
Eg har vore på 10-års reunion med konfirmantklassa mi på ungdomskulen, og det var kjempe kjekt! Har desverre ingen bilde frå kvelden, men det var kjekt å sjå igjen alle, og verte litt oppdatert på kvarandres liv. Rart at det allereie er gått 10 år! Når vi møttast følte eg meg som tilbake på ungdomskulen. hehe..

Håpar at DU har kost deg i juletida ♥

Fortsatt God Jul, og Godt Nyttår!!☺










post signature

fredag 23. desember 2011

Det fjerde lyset er tent, og ventetida er over.

Sia sist, så he vi....

..tent det 4. lyset, heime hos mamma..
                   


                                  No tenner vi det fjerde lys
                                  og natta vert til dag.
                                  Vi ventar på ein Frelsarmann
                                  for alle folkeslag.










Vi har heia det Norske håndballaget fram til gull ☺

attmed kjekke folk ☺
Stian, Rolfen og bror Fred-Michael


Eg har lært meg poker.. ganske kjekt egentlig. Hadde nybegynnarflaks og vann fyrtse runda. Men etterpå gjekk det vel egentlig berre nedover..


mamma, eg, storesyste Evy-Gunn, Sean-Gabriel og Rolfen var oppi heia og fant oss juletre!

..eg fant mitt lisje tre..
..vi har vore på julespel til min nevø Sean-Gabriel. Han spelte ein av dei tre vise menn, og hadde 3 replikkar. Flink
vi har kosa oss heime i det julepynta huset til mamma..



ete deilig julemiddag og pynta juletre!

Ha ei deilig julehøgtid ♥



post signature

tirsdag 20. desember 2011

Bakedag hos mamma


                                                                                                    Min nevø, Sean-Gabriel , hjalp til med å lage julemannar♥ 




                                                                                                           Vi laga julemenn, sprut og lefse. 





                                                                                   

Vi baka laurdag og søndag, og koste oss med julemusikk i bakgrunnen.
 Idag har vi vore i skogen hos en slektning og valgt oss ut juletred. Fint var det, gler meg til å ta det inn i stova her hos mamma og pynte det. Har også vore og sett julespel på skulen til eine nevøen min,Sean-Gabriel idag. Han er 10 år, og hadde rolla som ein av dei 3 vise menn, og det var kjekt å sjå på

Ikveld har eg og Rolfen også vår barnevakt for 2 skjønne nieser!



 
post signature 

søndag 11. desember 2011

Adventskos

På fredag hadde Rolfen og musikk-klassa Jule/vinter-konsert her på skulen. Det var veldi kjekt og dei var veldig flinke! Rolfen song "Someday at christmas", "Hysteria" og så var han med på fellesnr., bl.a Grease, der gutane framførte og dansa! Hehe, eg er ikkje den einaste av oss som kan å danse vertfall ;)
Det var ein kjekke kveld! Og eg og 3 jenter frå danseklassa var også med å dansa på eit nummer, til songen "Come Together" av Beatles.
 Fredag morgen var forresten danseklassa hos Irina (læraren vår) og spiste deilig julefrokost og utveksla gåver.
På laurdag så stakk eg og Rolfen inni byn for å få gjort ferdig litt julegåver. Der var skikkelig koselig julestemning og masse folk (snøen mangla då men)

Kjøpte ein veldig søt telysholdar på butikken Upstairs, som eg er stor fan av!
Ellers så brukte vi kvelden igår og litt idag på å lafte pepperkakehus! Eller stabbur..eller hytte..
koslig ♥




                                                                            hehe, den fremste figuren her, skulle egentlig bli en snømann! haha
                                                                                    

                                                 ikkje lenge igjen til julafta. . .






Sjå på den koslege nissen som Rolfen laga! hehe, flink ♥

Og idag er jo det 3.søndag i advent, så vi har tent lysa:



                                                                
                                                                    No tenner vi det tredje lys,
                                                                    det er eit heilagt tal.
                                                                   Vi ventar på at Kongen vår
                                                                    skal fødast i ein stall
                                                                                             

Vi har hatt ei skikkelig adventshelg, og kosa oss! No er det eit par dagar til på skulen, før vi reiser heim til Ulsteinvk. Ser fram til endå meir julekos heime hos mamma!
Håper helga di har vært fin




post signature