"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

fredag 3. februar 2012

Rolfens TATTOO, og Miriams sjukedag

AAaaaatsjooo!
Ja,idag har det vore nydeleg vær ute. Snøven ligg, sola skin og det er kaldt og friskt ute. Og eg har liggi på sofan og i senga i heile dag. Eg er altfor rastlaus til å ligge sjuk.



Bilde tatt frå stovealtanen vår. Herlig!
Inne må eg site, med te og honning, tablettar og pledd. Atshjo!
I skrivande stund er resten av skulen på veg å skal ha gospelkonsert. Eg hadde veldig lyst å være med, om eg so berre måtte site å høyre på. Eg tok meg en long dusj og prøvde å føle meg frisk, men det hjalp berre litt. hehe, så eg får håpe eg er i grei form imårga! Vi skal ha konsert heile helga.
No tenkte eg å sjå filmen "Bridesmaids", og vente på at mannen min skal kåme heim å halde meg med selskap.
Her er ein snutt av Ansgar gospel choir frå ifjor:

(Håper at videoen funkar? Den hakka så veldig når eg prøvde å sjå han sjøl. Du kan evt gå innpå You Tube å søke på Ansgar Gospel Choir, så ligg den der:)


Ellers så las du rett ja i overskrifta! Rolfen tok nemleg tatovering når han var i New Orleans.
Han kler jo alt og er ein skikkelig kjekkas! hehe ♥
Sånn ser den ut:



"Saved by grace"


Kul!
Ha ein fin fredagskveld!
Eg gler meg til sesongstart av "Senkveld" kvart over 10 ihvertfall!!





Klem
post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar