"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

tirsdag 28. februar 2012

Hobbyproblem?

For ei stund sida, så hadde eg besøk av mi gode venninne Kjersti ifrå Drammen! Ho besøkte oss ei helg, og det var så koseleg! Når vi er to stk som er glade i bilder, vert det fort til at vi tek nokre photoshootar! Det vart det denne gongen også, inne i vår lisje stove. Vi satt opp eit kamerastativ og hadde litt hobbyproblem resten av kvelden! hehe... sånn vi likar det
Hm, kva kan denne sofaen brukast til?
Eit lite (les:lite) utvalg av alle dei rare bilda vi fekk denne kvelden kjem her...












hehe.....Ja takk til fleire sånne kveldar Kjersti

No om dagen er vi heime med mamma ein tur på Tarberg, og har litt ferie!
kosar meg med søte små tanteungar bl.a, som synest det er stas å sjå seg sjølv på pc-en!






Klem
post signature

søndag 26. februar 2012

Vinterball-glimt

På Torsdag var det altså vinterball på skulen. Eg satt i pyntekomitè, og har kost meg med det! Danseklassa hadde ansvaret, og vi delte på forskjellige oppgåver, og hjalp kvarandre, og var veldig fornøgde når kvelden kom! Det blei litt sånn amerikans ball-følelse på heile greia, og eg trur og håpar at folk koste seg!
Det såg da sånn ut vertfall! Nokre bilde av korleis det vart sjåande ut på skulen denne kvelden:








Fotoveggen vart stor suksess, og folk stod utover heile kvelden og knipsa bilder!

Dansegulvet med stjerner og discokule! Kveldens tema var altså stjernenatt/stjernehimmel (huska ikkje akkurat i skrivande stund:P)

Denne stien leda ned til ein gang der du kunne ta med daten din eller ein ven, og gjere forskjellige oppgåver! Skrive eit dikt, snakke om fyrste møte,kva dyr minnar ein kvarandre om, og masse andre kleine ting! Hehe Morsomt vertfall!

Sånn såg eg ut, med kjole som eg fekk i julegåve, og svart hårpynt som eg fant på Glitter. Håret rabla eg opp i ein slags gamaldags-rull sjøl. Ingen frisør, men det vart då sjåandes greit ut! hehe.. litt sånn amatør-ish likar vi det!

Litt uklare bilde, sidan eg ikkje hadde stativ, men..                                Eg er då gift med ein kjekkas!

Vi fekk god underhaldning under middagen! Gutta framførte ein klassisk Backstreet Boys song, noko som var veldig bra og morsomt! Dansemoves hadde dei også ;)

Så var det Lovise og Inger som song ein nydelig song for oss. Den var sjøllaga også, etter det eg forsto? Nydelige jenter, og nydelig song


Etter middagen var det polynese inn til dansesalen, og dansegulvet var opent resten av kvelden!

Kveldens Konge og Dronning!! Henning frå klassa mi, og søte Lina!



Vi koste oss på dansegulvet "If you like it,than you should put a ring on it" ;)

Fine kjærsteparet! Lina og Helge :)

Danseklassa! Med tøffe Irina i One piece!
Hehe, ho var på kjøkkenet og jobba litt, men klart vi måtte ha eit bilde ilag!

Festen er over,
vi tek skona fatt og det bærer heim... 

 Kveldens middag var forresten Lasagne og salat. Og til dessert hadde vi sjokolade mousse,med vaniljesaus. Og utover kvelden var det litt kake og snacks!
Eg synest kvelden var vellykka, og at det vart ein kjekk kveld.

Det vart jo ein del bilder, eg kosar meg når eg sit her og driv med dei! Håpar du kosar deg òg!





Klem
post signature

lørdag 25. februar 2012

Velkommen VINTERFERIE


Tanken på bilen er fyllt, vinterballet er vel overstått og vinterferien er her!
No er vi planta i Eidsvoll, før vi vendar snuta mot vakre Sunnmøre ein tur også!

Vinterball-bilde kjem i neste innlegg. Bilde av pynting og masse fine folk!




Klem
post signature

onsdag 22. februar 2012

Vinterball rundt hjørnet

Den siste veka har vi på danselinja brukt ein del tid på planlegging og forberedelsar til vinterballet som plutseleg er imårgå! Vi har ansvar for denne kvelden, og vi har planlagt til den minste detalj. So vi håpar det vert ein kjekk kveld for alle og at alle vert fornøgd!

Ein liten sniktitt på noko av alt det vi har holde på med.
Tenkte å ta litt bilde når vi har pynta ferdig alt imårgå. Kan ikkje røpe nåke no ;)

Vi har forresten hatt Waltz-kurs idag! Solveig og Henning i klassa leda an, og det vart full dansesal! Eg elskar par-dans, og skal nok få dratt med meg Rolfen nokre runde på dansegulvet imårgå
Creds til Sol&Henning som var kjempeflinke å lære vekk idag;)
Eg fann fram kjolen ikveld som eg skal ha på meg imårgå, må sjekke om den er like fin etter ei stund i klesskapet. Her er ein liten smak..



My favourite shoe, and perfume
;)



Vi har også vore på Vågsbygd vgs å vist forestillinga vår denne veka. For musikk, dans og drama studentar. Og i forrige veke var vi i Flekkefjord, Grimstad og Vennesla.  Har fått berre bra tilbakemeldingar! Kjekt! ☺
Då har vi spist ein grandis-pizza til middags/kvelds (huff) og er snart klar for å ta kveld og våkne til ein hektisk dag imårgå!

På Fredag er det Vinterferie!!





Klem
post signature

søndag 12. februar 2012

Det nærma seg raskt Juni

Det skjer masse det siste halvåret her på skulen. Det kjem til å gå fort, og plutselig er vi på flyttefot igjen til vakre Sunnmøre! Vi har funne ut at vi må prøve å få selge nokre ting, sia vi har alt vi treng i den andre leiligheita vår! Det mest vemodige er å selge den digge senga vår, men det står jo ei enda betre heime og venta på oss også! Skulle gjerne hatt denne til gjesteseng, men vi har ikkje plass akkurat der vi skal bu no. So då for nokon andre forhåpentligvis nyte denne senga heller!
Har no lagt det ut for salg, og håpar på å få solgt det. Vi flytta ut herifrå i begynnelsen av Juni.


Senga, sofaen,bordet og puffen selgast. 3000 for alt.
Rop ut visst du vil kjøpe!



Some inspiration a Sunday evening:




Alle bilder fra weheartit.com

Ikveld he vi nytt en nydelig biffmiddag heime, med fløtegratinerte poteter, salat, og tente lys overalt! Nam! Det er herlig å være gift med Rolfen ♥
Ha ein fin kveld vidare kjære lesar!








Klem
post signature