"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

fredag 25. mai 2012

Jentehelg i Tønsberg!

I helga som var, altså 18-20 Mai var eg ein tur i Tønsberg å besøkte Maria. Kjersti kom også frå Drammen, og vi fekk endeleg tid til ei helg ilag. Ei lita helg er ALTfor kort tid, men vi koste oss veldig så lenge det varte!
Desse skjønne jentene hadde eg ei helg saman med! Maria til venstre, og Kjersti

Fredag bestilte vi oss Pizza, å koste oss foran tv-en. Og jentene fekk sitt fyrste møte med "Ben&Jerrys" is! NAm

Har du ikkje smakt denne isen endå, så må du berre henge i! Den er verdt dei 65 (!) kronene.... Cookie Dough er den beste, synst vi!
Maria er den av venninnene mine som har mest voksenpoeng så langt!hehe..
Gift og har ein herleg liten gutt, som eg helste på for fyrste gong denne helga! Pluss at ho er gravid igjen! Stas!!

Denne guten var eit sjarmtroll uten like, og navnet er Leon Kornelius☺Vi fekk god kontakt, og eg gler meg til å møte han igjen!
På bilde til venstre er det Frode, som er gift med Maria☺

På Laurdag var vi ein tur i byn og gjekk på vindus-shopping. Kvelden gjekk ut på å ete Taco, digg, også koste vi oss med video-opptak ifrå året vårt på Team Action! Det var utruleg koseleg å sjå tilbake på folkehøgskule-året vårt. Alt vi opplevde saman! Herleg ♥
Søndag kom altfor brått, og vi kunne godt hatt lengre tid ilag. Men vi utnytta den vertfall godt før vi måtte reise igjen. Vi gjekk på eit loppemarked bl.a, og eg var fast bestemt på å ikkje finne meg noko.
MEN sjølvsagt fann eg meg nåke som eg hadde lyst på! Plutseleg der, rett foran meg, stod 2 stk gamle fine koffertar! Eg har hatt lyst på nokre sånne ei stund, berre til pynting egentlig. Inspirasjon ifrå interiør-magasin. Så eg måtte jo spørre kva dei skulle ha for dei 2. Og jauda, dei skulle ikkje ha meir enn 30 kr, for begge to... Å det klare ikkje denne jenta å gå ifrå veit du..! Så heim til Rolfen kom eg med to gamle koffertar!
Kjersti fann også nokre nydelige mocca-koppar som ho kjøpte. Så vi var ganske fornøgd med kuppet vårt

Vi tok også ein photoshoot, noko som vi som regel alltid endar opp med å gjer! Gode minner og koselige bilde. Tenkte eg skulle dele nåken av dei. Det kjem i neste innlegg!

No har vi komne heim ifrå rollebryllup her på skulen, og det var ganske så festleg! Eg og Rolfen var eit jungel-par og du kan jo gjette kven.... Det kjem vel kanskje ut nokre bilde av det også etterkvart.. Artig kveld var det vertfall! Og eg og nokre jente avslutta heile dagen med eit bad ned i sjøen, og det var utruleg digg! Elskar temperaturen om dagen! Idyll her i Kristiansand på høgt nivå!!

God natt godt folk!



Klem

post signature

mandag 21. mai 2012

17.Mai og Gudbrandsdalbunad!

17.Mai kom - og for, ganske så kjapt. Sola skein, vinden blåste og det var kaldt og varmt om kvarandre. Vi begynte dagen med å gå i gudstjeneste i Domkirka kl 11,saman med ein liten gjeng. Kl 13.00, hadde vi ein liten korkonsert ned ved sjøen, Tresset.  Etter det kom det litt duskregn og eg å Rolfen smatt oss inn på ein liten koseleg restaurant. Der åt vi pizza og slappa litt av og eg fekk litt varmen i meg! Vi hadde endå ikkje ete is, å kjente at det var litt krise. Så sjølv om vi var litt småfrosne, stakk vi på Mcdonalds å tok oss ein Mcflurry! NAM! Det er jo 17.Mai berre ein gong i året, og det er god grunn til å få ete is på dei raraste tidspunkt! Etter isen, så skein sola litt, og vi sto i gågata ei stund å fekk god og varm sol på oss!

Neste som skjedde var kl 16.00, då var det borgartog. Og vi gjekk saman med skulen under ei fane som heitte "Saman for Norge" eller noko lignande.. Trur det var litt blanding av forskjellige menigheter som var der. Foran oss kjørte ein lastebil med eit lovsongsteam på, som spelte lovsongar og laga liv! Det vart eit svæært tog, og alle song med og det var fullt av God stemning i toget! Kulaste 17.mai-toget eg nokon gong har gått i!

Vi hadde på oss finstasen og sånn såg vi ut:
Det var fyrste gong eg hadde på meg bunad på ein 17.Mai. Og det kan eg godt venne meg til kjente eg!

Litt av toget ser du på bilde til venstre!
HippHipp Hurra!!
Stor stemning!
Bunaden eg har på er Gudbrandsdal festdrakt, og den er sydd av Rolfens oldemor! Grunnen til at det nettopp er denne bunaden er fordi når den vart lagd, så var det ingen regel om at man måtte ha tilhørighet til stedet der bunaden kom ifrå! Så då vart det Gudbrandsbunad rett å slett fordi det var denne Rolfens oldemor synst var finast! Ho likte så godt blomstane på den, og den er jo veldig fin! Men familia ser på denne bunaden som ein familiebunad no fordi den har gått på rundgong i familia i fleire år.
Litt bilde måtte det jo verte! Det er lov å vise seg fram når ein har på ein sånn fin kjole!sant,vel?


Kjekkasen min! Haha, vi måtte LE når vi kom på at vi faktisk glømte å ha på oss 17.Mai-sløyfe i år!!
Vi som har Eidsvollbygning-sløyfe å greier! hihih......
Bra det kjem fleire 17.mai!

Det vart grilling på skulen på kvelden. Og i halv 11 tida drog eg,Anna,Elisabeth og Kjell Tore ein tur inn til byen. Då skulle det være "Tapto" (har fortsatt ikkje forstått heilt kva dette er......) Men vertfall så spring dei ned igjennom Markens,som er gågata her i Kristiansand. Det vert avsutta med eit heftig fyrverkeri nede ved sjøen! Deretter drog vi ein tur på tivoli!

*mobilbilde*
Eg og desse 2 skjønne jentene bestemte oss for å brenne av ein heil 50 lapp for EIN stk billett på tivoli! Sjokktilstand når vi såg kva det kosta, men ein tur med "koppane" blei det likavel! Og eg og Elisabeth hadde latterkrampe nesten gjennom heile turen, mens Anna holdt seg litt meir fast;) hihi, det var kjempekos!


Sorry desse bilda med dårlig kvalitet, men Htc har ikkje det beste mobilkameraet!

Det vart ein super dag, og ein helgetur til Tønsberg rett etterpå var heller ikkje feil!
Vi var bl.a på loppis, og eg fekk gjort eit lite kupp som eg er ganske fornøgd med!
Smakebit..




Eg har hatt ei herleg helg i Tønsberg med jentene, og det gjekk alt for fort!
Kom heim til min kjære som laga digg biffmiddag til meg!
Takknemlig ♥






Klem
post signature

torsdag 10. mai 2012

Super klar for ei innholdsrik helg!

For tida går det i øving og terping og atter øving på oss i danseklassa. Svette bodyar og vonde kroppar, men veldig klare for morgondagen!

Heile veka har vi øvd og gjort småforandringar på forestillinga. Igår og idag har vi vore på Kilden kulturhus frå 09.00-17.00. Imårga er siste dagen, og det kriblar litt i magen,kjenner vi! Vi startar dagen kl 13.00, og forestillinga begynner kl 18.00!
Eg vart også vedig glad då eg fekk høyre at eg får besøk av familie også i helga! Egentlig var det ingen som hadde muligheit denne helga, men plutselig ringte storesøss og sa at ho hadde bestilt billett! Og det samme med mi kjære svigerfamilie! Så det var veldig stas! Vert fullt kjør i helga med forestillingar og konsert og besøk! Men det er berre kjekt ♥

Ein gjeng som er klare for helga:



Iphone-bilde tatt av Elisabeth Nilsen

Fredag: Forestilling kl 18.00
Laurdag: Release-konsert Ansgar Gospel Choir kl 20.00
Søndag: Forestilling i Grimstad, Bluebox kl 20.00 (?)

Dette må du få med deg i helga om du er i nærheita



Klem
post signature

mandag 7. mai 2012

Elsket!

Eg vil gjerne reklamere litt for danseforestillinga vår som vi skal vise fram på Fredag. Denne forestillinga hadde dei ifjor på skulen her også. Men vi har forandra ein del på den, jobba masse med den, laga ein del nytt og gjort det litt til "vår eiga forestilling".  Så om du såg den ifjor, så kan du uansett ta turen i år, for der er mykje forandring. Og om du allereie har sett den i år, så er det fortsatt verdt å ta turen, for vi har lagt inn vertfall ein ekstra dans, som ikkje er vist før :)

Forestillinga heiter "Elsket" og har denne songen som utgangspunkt: (sjå link)

Det er ei sterk historie om ei jente, som slit litt med livet, og du får være med i form av film eller dans, å sjå alle valg ho tek som kanskje ikkje er så bra for ho. Ting blir verre og verre, og tilslutt har ho ikkje kontroll lenger. Det kjem til eit punkt i livet der ho vert avvist av alle sine venninner og familie, og alt dette vert for tungt for ho å bære. Og livet ser ikkje ut som det er verdt å leve lenger. Ho er nærme tanken om å ta sitt eige liv, då ho plutselig stoppar opp å kjenner at der er noko meir ved livet enn kva ho trudde. Ho kjenner at der er ei hand å holde i, at der er ein Gud som faktisk bryr seg. Og i det djupaste mørke, søker ho etter eit glimt av håp, og finn det tilslutt..

.........................

Heile hstoria minnar meg litt om det fine "diktet" Fotsporene.
Om du ikkje har hørt det før, så kan du lese her:
"En natt hadde en mann en drøm. Han drømte at han spaserte langs stranden med Herren. Over himmelen kom bilder av livet hans til syne. Han så at det var to spor i sanden; det ene var hans og det andre var Herrens.  Da siste bilde for forbi over himmelen, så han tilbake på sporene i sanden. Og han la merke til at mange ganger i livets løp var det bare ett par fotspor. Han såg at dette var de gangene da livet hans hadde vært vanskeligst og mest smertefullt.
Dette forsto han ikke, og spurte Herren; Herre, du sa en gang at da jeg bestemte meg for å følge deg,ville du alltid gå med meg og aldri forlate meg. Men nå ser jeg at da min nød var størst og livet var vanskeligst å leve,da er det bare ett par fotspor. Jeg forstår ikke hvorfor du forlot meg da jeg trengte deg mest?
Da svarte Herren: Mitt kjære og dyrebare barn! Jeg elsker deg og vil aldri forlate deg. De gangene i livet da prøvelsene og lidelsene var størst-og du bare kan se ett par spor i sanden, det var de gangene jeg bar deg i armene mine!"

.........................

Eg har fått løyve ifrå fotografen, så eg legg ut litt bilde tatt ifrå 10-dagers turnèen vår.
Alle bilda tatt av Lillian Østreim!


Velkommen på Forestilling på KILDEN Kulturhus her i Kristiansand.
Fredag 11.Mai
kl. 18.00
Billettar kan du kjøpe på http://kilden.com/




Husk også release-konsert for AnsgarGospelChoir 12.Mai i Salem Pinsemenighet! Kl 20.00!

Be There!




Klem
post signature

lørdag 5. mai 2012

Tom leilighet og Rolfens bursdag

Som sagt, så driv det å blir tommare og tommare i leiligheta vår her i Kristiansand, og leiligheta i Usteinvik blir fullare ;) Siste helga i Mai er vi ferdige her, så det er plutselig ikkje så lenge igjen!
Sånn har det sett ut her med oss,som vist i tildligare innlegg: (dette blei tatt heilt i begynnelsen når vi kom hit, så det vart jo litt fullare her utover året også..)


Og sånn er det no siste månaden:
No såg jo det egentlig ikkje så veldig tomt ut på bilde som det følast her.
Det vi skal ha med oss heim herfrå er den kvite hylla å det lisje bordet, instrumenta til Rolfen og det som heng på veggen. Vi har fått solgt både sofa,bord,puff og seng, og det hjalp jo veldig på flyttelasset
Det er vel på kjøkkenet og heilheita vi merkar at her er tommare. Vi har sendt heim kjøkkenbordet vårt også, og det merkast godt! Håpar egentlig å få låne et her på skulen so lenge vi bur her.
Fikk meg nokren fine rose med Rolfen,til å pynte opp litt her
Elskar rosebukettar! Spesielt i rosa og kvitt!

Rolfen hadde då bursdag på Onsdag og vart 28 år! Vi var litt småtrøtte og slitne etter ei helg med masse køyring. Vi hadde hatt feiring nokon dagar før også, så på sjølve bursdagen så berre koste vi oss åleine. Var litt ute og farta, og på kvelden var vi ute i byen å spiste middag.
Eg et egentlig alltid biffmiddag når vi er på Egon, men det vart Bakt potet denne gongen. Ganske god :)
Verdens beste bursdags"gutt"
Onsdag var ein nydelig og varm dag!

Ellers så er eg veldig fornøgd med å få ha på meg ein bunad denne 17.Mai som kjem! Eg har aldri hatt ein bunad, men i år har eg fått lånt av svigermor. Og denne bunaden er det oldemora til Rolfen som har sydd! Og det synest eg er veldi gøy, når det går i arv :) Svigermor Randi fekk denne når ho var 12 år.. Så denne har vorte godt brukt av fleire i familen, og no får eg låne den litt også. Den er blitt sydd inn og ut nokre gongar,men like fin. Ein liten sniktitt..

Så no treng eg ei bunadskjorte! Nokon som har tips korr eg kan få tak i det? Og kva er prisen på ei sånn skjorte?



Ha ei fin helg folkens ♥






Klem
post signature

fredag 4. mai 2012

Heime ein tur ♥

Forrige helg var vi heime ein tur, med flyttelass. Vi fekk besøk av svigermor,svigerfar og ("svigerbror")Matin! Dei kom på fredagskveld, og vi pakka rett uti bilen. Det blei ein stk full varebil, pluss vår bil som også vart ganske full til slutt. Laurdag begynte vi den longe kjøreturen mot Ulsteinvik.
Dagen vi kom var det sjølvsagt meldt snøv! Så det var litt spennande å sku kjøre over fjell med sommardekk. Men det var ikkje så ille, på Bjorli snøva det litt, og det låg litt slaps på veien ved Ålesund, men det gjekk veldig fint!
Men Søndagen var det strålande sol og blå himmel! Vi var i Torvika med eine systra mi og familia på middag, og det var deilig å site ute å ete! Snaaart sommar.....

Svigermor Randi og Angela-Zoè på bilde til høgre
3 stk av mine skjønne tanteungar!
        Eg skulle bevise at JA, det går and å gå på stylter med høghela sko!           Min tøffe nevø, Dan-Philip

Heime med mamma ♥
Måtte innom Kaffikari og ha kake og kaffe! Veldig koselig kafè i Ulsteinvik.
Rolfen hadde bursdag 2.Mai, så vi overraska han heime med selskap,30.April. Vi var ute å åt middag, og når vi då kom heim til mamma så var heile familia der,dei spratt fram ifrå forskjellige rom å song bursdagssongen så det ljoma etter! Det var stas, og det var fullt hus og kaker og godt til utover kvelden.

Tirsdagsmorgen, som var 1.Mai og ein fridag sto vi opp kl 7 og begynte på turen heim til Kristiansand! Nydelig vær og litt for varmt i bilen!
Energidrikk måtte til! Eg sov for det meste til Åndalsnes, men resten så klarte eg nokon lunde å holde meg våken! Stakkars Rolfen :P  hehe...Vi stoppa å åt is å tok nokre pause underveis, og brukte 8 timar til Eidsvoll. Der tok vi ei pause, før vi kjørte dei siste 4-5 timane til Kristiansand. Puuh!
Det som er litt kjipt på sånne longe turar, er at, eg kan ikkje lese i bil, eg vert kvalm berre eg ser for lenge på mobilen. Og når eg då berre sit rett opp å ned i so monge timar, har eg ein tendens til å verte ALTfor trøtt! Prøvar så hardt eg kan å holde meg våken så Rolfen har selskap! Og eg har begynt å verte ganske flink på det no etterkvart!:p  
*Alle bilda er tatt med mobilkamera*
Vi var jo sjølvsagt så heldige at bilen vår streika litt underveis. Når vi var komne forbi Porsgrunn, og vi skulle stoppe å fylle bensin. I det vi kjører av veien, så ser eg plutselig røyk som kjem frå panseret. Vi rekk å parkere ved bensinstasjonen, og når vi stoppa og gjekk ut, så var det berre ei stor røyksky rundt heile bilen! Vi fekk opna panseret, også kjem det ein hyggelig mann bort å hjelper oss. Uten å nøle, så tek han opp telefonen sin og ringer sonen og får han til å komme å hjelpe oss! Han er hobbymekaniker. Så vi ventar i 20 minutt, så kjem det nokon å skifta det vannrøret som var sprukket og hjalp oss på veg igjen. Makan til hyggelige folk! Så takka være gode folk på rett plass til rett tid, så kom vi oss omsider heilt heim.. No har bilen lovt å ikkje tulle meir, så vi for berre sjå korr det går..

No om dagen så er det eit fantastisk vær her i Kristiansand! Digg! Kjenne eg er på gråten når eg høyrer det er meldt SNØ igjen! Det skal vær vår og sommar no
 Ellers så er her ekko i leiligheta vår om dagen, ganske masse tommare! Kan ta nokre bilde til neste innlegg :)



Klem
post signature