Det som er inspirerande, er å sjå korleis ungdomane utviklar seg berre i løpet av nokre få timar. Og sjå at det du er med på å lære dei, vert så bra til slutt. Det er monge talent der ute, og det er så kult å sjå når det veks fram. Idag hadde vi ein slags Gudstjeneste som avslutning, der alle gruppene viste fram det dei hadde lært i løpet av helga. Og der var så masse bra!
F.eks var det ein gut, som leda møte og hadde ei lita andakt. Og det han sa, var berre så bra, og vart skikkeleg tankevekkar for fleire trur eg. Vertfall meg. SÅ kult!
Kjekt å være med på ei sånn helg. Kjenner også at det var ille godt å sette seg i sofaen idag etter møte og slappe av! Det tek jo tid og energi med eit sånn opplegg. Men det er absolutt verdt det!
Rolfen var også nattevakt inatt frå 6.00-9.00. Så han har vore ganske så trøtt resten av dagen!
Men vi har slappa godt av, laga god middag, ete snop og kosa oss! ☺
♥
Så med andre ord, har eg hatt ei finfin helg, og er no klar for ei veke med forberedelsar til 10-dagers turnè,som startar på Fredag.
Vil også takke for at akkurat du tek turen innom bloggen min! Ser at det er monge som er innom i løpet av dagen og veka. Det sett eg pris på!
☺
Legg gjerne igjen spor etter deg, det er berre kjempe koseleg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar