"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

onsdag 1. februar 2012

"Kva skal du bli når du blir stor?"

Det er det store spørsmålet... og eg lurar fortsatt på kva svaret er... Og eg begynner jo eigentleg å bli ganske stor no? Dvs, ikkje stor som i bokstavleg talt, sidan eg fortsatt ikkje har bikka 1,60 i høgd..MEN eg er jo tross alt 25 år, så det stressar meg litt det spørsmålet her kjenner eg etterkvart.
Til no vil jo eg seie at eg virkeleg har levd livet, sånn som eg ville,og berre gjort ting som virkeleg interesserar meg og som eg følte for der og då. Og det har eg ikkje angra på i det heile tatt. Einaste som ligg litt i angreboksen, er mine uferdige år på vidaregåande og generell studiekompetansen som eg ikkje har. Eg var rett og slett temmeleg lei av skule etter 2 år på vidaregåande, og tenkte at; ja, eit friår høyrest jo fantastisk ut! Og eg prøvar å trøyste meg sjølv med at om eg hadde gått ferdig skulen då, so hadde eg sikkert gjort det ganske dårleg, sidan motivasjonen var på zero.
MEN tips til deg om du skulle lese det her og ikkje er ferdig på skulen, så vil eg absolutt anbefale å berre bli ferdig med vidaregåande og få studiekompetansen, så du slepp å tenke så mykje meir på det. For det gneg jo litt...

Eg har uansett fantastiske år bak meg som eg ikkje angrar på. Eit år på folkehøgskule for eksempel, det unnar eg virkeleg alle og einkvar og synest at alle fortjener eit slikt år! Det var eit herleg år i mitt liv, som eg aldri kjem til å gløyme. Fekk vennar for livet og gjorde det som eg likar aller best, saman med så gode nære vennar. Kunne ikkje vært forutan.. Eg gjekk forresten på Hedmarktoppen Folkehøgskule på Hamar, og kan absolutt anbefale eit år der! Eg gjekk på ei linje som heitte Team Action On The Road, som  dansar. Men den er desverre nedlagt no:( No er der vel rein danselinje istadenfor.

Den fantastiske gjengen, på turnè med musikalen vår og konsert

Etter dette året så forsto eg at dans betydde mykje meir for meg enn eg hadde trudd. Og det gjekk opp for meg at dans var noko eg veldig gjerne ville drive med. Dermed var det Bårdar Akademiet i Bergen og Oslo som var det neste på planen. Eit år i Bergen og eit i Oslo. Og med dette så blei det eine friåret mitt stadig utvida. Sidan dette faktisk var det fyrste møte med ballett og teknikk, så blei jo det ganske hardt, samtidig som det var eit elsk. Så hardt jobba eg, og beinhinnebetennelse fekk eg i begge leggane. Det var jo ikkje heilt etter planen. Eg gjekk dei 2 åra, og droppa det siste, til min store skuffelse, rett og slett fordi eg kjente at det ikkje gjekk for beina mine. Ein kjenner vel sine grenser. Eg tenkte eg måtte heller finne noko anna å gjere, og danse heller litt ved sida av. Så heim til sunnmøre flytta vi, og eg begynte å jobbe på "Bok&Media". Var også litt dansevikar rundt om. Denne jobben likte eg kjempegodt, og jobba der i 2 år. Tanken om utdanning ligg jo der, og eg prøvar stadig å tenke kva eg vil studere. Eg fann ut at eg MÅTTE danse litt til før eg evt la det litt ifrå meg, og sjølv om beina fortsatt ikkje var heilt god. Og sidan eg er kristen, har eg alltid tenkt litt på at bibelskule kunne eg kanskje tenke meg å gå. Bli endå bedre kjent med bibelen, meg sjølv, Gud og treffe endå fleire flotte folk. Så til Kristiansand blei det, og der var den perfekte linja med Bibel&Dans, pluss eit stort gospelkor ved sida av som berre er perfekt! Så der er vi no. Og har vi det som plommen i egget. Eg dansa masse, og beina har ikkje vorte verre, så då er eg berre glad! Tøyar masse på leggane og det trur eg hjelp veldig.

Danseklassa Ansgar, i New York

No for tida tenker eg masse på det spørsmålet: Kva skal du bli når du blir stor? Det hadde jo vore så deilig å kunne berre sei "Eg skal bli frisør" eller "Eg skal studere til å bli advokat". Men mitt klare mål har ikkje komt endå. Planen er no å flytte heim til Sunnmøre og jobbe igjen ihverfall, og det gled eg meg til! Tenkte kanskje å prøve å få studert litt ved sida av. Ein må jo berre ta fatt og begynne, det kjem ikkje av seg sjølv. Skulebenken på vidaregåande har eg slått frå meg. Når ein er over 25, kan ein søke med realkompetanse, så då er der kanskje eit håp? Eg har jo gjort ein del, sjølv om eg ikkje har gått skule. Igår satt eg og surfa litt og prøvde å finne noko eg kunne tenke meg. Det som eg falt litt på til slutt, som eg syntes såg ut som passa for meg var Sosionom eller Barnevernspedagog. Kan hende eg må ta opp nokre fag før eg evt får studert. Men dette må eg finne ut litt meir av

Ja, det var rett og slett litt om kva som er i mine tankar om dagen! Gjerne kom med tips eller råd om du har! Alt mottas med takk

No skal eg drikke min andre kopp med te og honning, og håpe at sjukå som eg kjenner på, ikkje klarar og ta meg heilt!


Ha ein finfin dag!






Klem
post signature

3 kommentarer:

  1. Fru Knotten Torvik2. februar 2012 kl. 13:31

    Hm, interessant..;) Kanskje vi skal studere i lag i Volda til hausten, då..?;) He såte å blada gjønå studiekatalogen deira i dag, men he enda ikkje klart for mej ka ej skal velge.. Og ej e no kjempestore!:):) Kjeme dåkke heimatt en tur snart?!? Neste helg f.eks? Då e det morsdag, åso skal vi feire 55-års dagi hass Sven:) God bedring da, vennen! Lau u <3

    SvarSlett
  2. Jeg anbefaler sosionom ;) Ferdig nå til våren, jeg gleder meg til å komme ut i jobb! Det er jo så variert! Barnevernspedagog er også bra, men da er det jo barnevern da.. Som sosionom kan du jobbe innen barnevern - og masse annet bra! Anbefales ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for tips! :) Kjekt å høre fra noken som er i studiet allereie! Tenker mest på sosionom ja!:) Høyrest bra ut!

      Slett