"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

lørdag 21. januar 2012

Guds vakre natur!


Mamma og eg har vore ute å gått idag! Måtte ta dette bilde med mobilen min. Vakkert! Minnar meg om vakre vene Sunnmøre ♥

Ellers så har eg nettopp videochatta med Rolfen min ifrå New Orleans, og det var ei rein gledje! Kjipt å være vekke frå kvarandre so lenge, utan mobil kontakt kvar dag! Jau, han klarte og miste mobilen i do fyrste dagen! haha...  So dermed har det vore lite kontakt, og det er veldig unormalt til oss å være! :P  Pluss at det er 7 timars forskjell, så det er ikkje akkorat lett å tilpasse videochat då. Men det er jo veldig digg å kjenne at vi saknar kvarandre SÅ mykje! GLER meg til Tirsdag, då skal eg stå på flyplassen om morgonen og klemme han lenge og vel.

Idag tok eg med mamma i dansetimen, så ho fekk sjå kva vi gjer på kvar dag. Trur eigentleg ho godt kunne tenke seg å være med! hehe..
 Vi har også hatt skikkeleg vaske dag idag. Vaska og støvsuga, tatt 3 klesvaskar, rydda vekk den minste detalj som minnar om jul og kosa oss med deilig middag til slutt! Klar for helg! Kjekt å ha mamma på besøk ♥

Ha ei fin helg kjære du! ☺

Klem
post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar