"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

søndag 11. desember 2011

Adventskos

På fredag hadde Rolfen og musikk-klassa Jule/vinter-konsert her på skulen. Det var veldi kjekt og dei var veldig flinke! Rolfen song "Someday at christmas", "Hysteria" og så var han med på fellesnr., bl.a Grease, der gutane framførte og dansa! Hehe, eg er ikkje den einaste av oss som kan å danse vertfall ;)
Det var ein kjekke kveld! Og eg og 3 jenter frå danseklassa var også med å dansa på eit nummer, til songen "Come Together" av Beatles.
 Fredag morgen var forresten danseklassa hos Irina (læraren vår) og spiste deilig julefrokost og utveksla gåver.
På laurdag så stakk eg og Rolfen inni byn for å få gjort ferdig litt julegåver. Der var skikkelig koselig julestemning og masse folk (snøen mangla då men)

Kjøpte ein veldig søt telysholdar på butikken Upstairs, som eg er stor fan av!
Ellers så brukte vi kvelden igår og litt idag på å lafte pepperkakehus! Eller stabbur..eller hytte..
koslig ♥




                                                                            hehe, den fremste figuren her, skulle egentlig bli en snømann! haha
                                                                                    

                                                 ikkje lenge igjen til julafta. . .






Sjå på den koslege nissen som Rolfen laga! hehe, flink ♥

Og idag er jo det 3.søndag i advent, så vi har tent lysa:



                                                                
                                                                    No tenner vi det tredje lys,
                                                                    det er eit heilagt tal.
                                                                   Vi ventar på at Kongen vår
                                                                    skal fødast i ein stall
                                                                                             

Vi har hatt ei skikkelig adventshelg, og kosa oss! No er det eit par dagar til på skulen, før vi reiser heim til Ulsteinvk. Ser fram til endå meir julekos heime hos mamma!
Håper helga di har vært fin




post signature

1 kommentar: