"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

onsdag 26. oktober 2011

A day in New York City #Part2

Tredje dagen var vi på dansekurs! Da var det Flamenco som sto på planen!


Det var ganske gøy, det var ei litt eldre dame som skulle lære oss. Midt ut i timen kom han som eigde studioet (lure på om det også var mannen hennar..?) , og skulle spele gitar til mens vi dansa. Dei var ueinige i takta, og begynte å småkrangle litt foran oss alle.. hehe, rart. Men det var en veldig gøy time synest eg! På med karaktersko og Flamenco-skjørt!

                   
   







 Madeleine og Elisabeth i klassa :)
























Vi brukte ganske masse tid på ein dansebutikk, ved navn Capezio. Der kjøpte vi karakterskoa, og fornya dansegarderoba! Ballettdrakt og strømpe, varmeshorts og dansesko, alt vi kjem til å trenge det året her..









Eg og Madeleine etter dansetimen på vei nedover Time Square.

Vi var jo sjølvsagt på musikal! Då delte vi oss opp litt, og såg litt forskjellig. Nokon såg Phantom of the opera, og eg bl.a såg Chicago.


Vi gleda oss over kvar anledning til å pynte oss opp litt ;)


Madeleine, Ane, Annbjørg, Henning, Elisabeth og eg gjekk på Chicago! Det var veldig bra! Ettersom eg seinare på turen gjekk å såg Billy Elliot, så gjekk den over all forventning. Og eg likte den absolutt best. Då blei Chicago egentleg ikkje så voldsomt fantastisk etter å ha sett den andre. For det var absolutt ein opplevelse! Eg lo og eg grein, å satt å gapte av beundring over den 13 år gamle guten som dansa heilt fantastisk! Den må sjåast :) (Visst du e glad i ballett vel og merke)

Etter Chicago musikalen var ferdig denne kvelden, bestemte vi oss for å sette oss på Time Square å berre være. Vi kjøpte oss mat, og satt oss i den berømte trappa midt på Time Square, og der satt vi utover kvelden og berre såg på alt som skjedde, alt livet, og alle rare folka. Dette var ein kveld eg satt veldig pris på.



Kan du sjå oss?


Veldig fornøgd med Starbucks kaffen min!
Herleg kveld!

Ein dag var vi og besøkte Alvin Ailey School, ein stor danseskule! Vi fekk også vite at det var her sånne som Beyoncè og Lady Gaga var og trente å dansa. Og Beyoncè er like lita som meg! HAH :)
Vi var inne på ein time, og såg på flinke studentar som trente Horton Teknikk. Det var veldig kult, og folk her er så flinke!

Vi spiste ute etter timen;

Annbjørg,Elisabeth,Solveig,Marianne,Madeleine,eg og Maria.
Monge nye skopar under bordet der ja!
Og shopping blei det meir av!


Denne digge dagen avslutta vi med å besøke Rockefeller Center! Det er eigentleg ein liten by midt i den store byen. Der ligg heile 19 store bygningar no. Der er både Nbc Studios, Today show studio, Radio City Music Hall, Top Of The Rock ++
Vi var oppe i det høge "Top of the rock" og hadde nydeleg utsikt utover byen.



*mobilbilde*


Perfekt avslutning på dagen!

Håpar at eg ikkje kjedar dokke! :)
Nytt innlegg kjem når eg får fleire bilde klare på Pc-en!

Ha ei nydeleg natt folkens!






post signature

2 kommentarer:

  1. ååå, kor fantastisk! Fe frysninga ta å sjå på bilda! D e som ei heilt anna verd!! Kor kjekt visst vi for ditt ilag en gong, Miriam!! =D Åso at dokke sat i dinna trappa heile kvelden.. oh, my gaaaad... AKKORAT d he ej kjempelyst til! For ei oppleving bære d!! Åso musikal.. aaaah. Misunneli=)

    SvarSlett