"The greatest thing you`ll ever learn, is just to love, and be loved in return"

søndag 22. juli 2012

A glimpse of our summer

Eg har sakna å blogge dei siste vekene.  Det som er så kjipt er at min kjære Pc slit litt om dagen, og ikkje er heilt samarbeidsvillig. Eg prøvar å gi av mi kjærleik til den, men det virkar som om det ikkje er nok. Eg trur nokon som har peiling på Pc-problem skal få sjå litt på den. Eg håpar å få løyst problemet så eg kan få blogge frå den snart.. Der ligg bilda mine og bildeprogrammet som eg brukar og allting. Eg prøvde meg fram med mobilblogging når vi var på ferie, men synst ikkje at det var det heilt store.. 

Så no har eg då kapra Rolfens mac, i håp om å få ut eit lite innlegg;) 
Om dagen jobbar vi mykje, og ventar framleis på sommaren.. Har ikkje sett så mykje til den i år :( Vi lengtar etter  ein sydentur, men det for vente enn så lenge.... 

Vi har begynt å kome på plass her i leiligheta som vi leiger, og kjenner at det er digg å ha litt større plass å boltre seg på..Vi feira bursdagen min her med familie når vi kom heim ifrå ferie, og då vart kontoret/gjesterommet ganske så fyllt med ting og tang som ikkje hadde fått nokon plass enda. Så det er neste prosjekt, å tøme det rommet å lage det fint :)

Idag skal vi ut til mamma å få favorittmiddagen min! Også sjå at barndomsheimen min har gått fra å ha oransj farge på huset til å være kvit! 

Nokre bilde ifrå litt av vår sommar so longt (som låg på Rolfens Mac):

 Liseberg med svigers!



 Rolfen fant drømmesofaen!
 Godt å få bevege litt på seg, sjølv om ein er på ferie ;)
Dette siste bilde er ifrå bursdagen min 8.Juli. Då kjørte vi i 5 timar før vi kom til Stockholm. Var ut i byen og fann ein veldig god restaurant, "Jensens Bøfhus". Anbefalast! 
Vi hadde ein fin ferie, og storkoste oss på kjærstetur! Eg reknar med at når Pcen min er friskmeldt att, då har eg vel nokre bilde der også som eg vil dele. 







....................


Idag har eg forresten brukt litt tid foran Tven. Det er jo ein spesiell dag idag, eit år etter terrorangrepa. 
Det er sterke bilder og videoar på Tven idag..Og det knusar hjerte mitt, å tenke på alle dei som kjempa, og svømte og som opplevde denne dagen på nært hold. For ein ondskap det var som kom på Utøya den dagen og hjartelaust skaut ungdomar. Eg kan ikkje forstå det. 
Mine tankar er hos alle dei som mista sine kjære idag.


....................







---Instagram---
--frutoemte--

Klem
post signature

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar